Storfint besøk!
Publisert 15. juli 2010 17:45
GLED DYKK: Kyrkjemusikarane under årets Jørn Hilme-stemnet er ingen ringareenn den populære folkemusikkgruppa Gjermund Larsen Trio. Gruppa vart etablert i 2006, og
består av dei kjende musikarane Gjermund Larsen, komponist og felespelar, Andreas Utnem på trøorgel og Sondre Meisfjord på kontrabass. I 2008 kom albumet Ankomst, som karane fekk mykje godord for i pressa.
Tekst: Knut Aastad Bråten
«For alle med et godt øre for musikk er dette en skattekiste », skreiv anmeldaren Bjørn Hammershaug. Året etter fekk trioen Spelemannprisen for albumet. Ny plate er visstnok i kjømda. Denne kjem til hausten. I eit intervju i bladet Folkemusikk seier Gjermund Larsen sjølv at den neste plata er ei vidareføring av den fyrste:
– Du finn framleis noko av same stemninga: mange rolege, fine og melankolske låtar, på eitt vis. Eg har prøvd å vidareutvikle og vidareforedle det uttrykket vi alt har. Og så spelar vi meir samspelt denne gongen. Den fyrste plata var prega av meir usikkerheit. No er vi
meir gjennomarbeidde i arrangementa.
HJERNEN BAK GRUPPA, Gjermund Larsen blir rekna som ein av dei fremste folkemusikkomponistane i landet. Trass sin unge alder (fødd i 1981 i Verdal), er Larsen ein av dei mest aktive unge musikarane i dag.
Han er frontfigur i ei rekkje kjende folkemusikkgrupper og samarbeider jamleg med fleire profilerte artistar, mellom anna Frigg, Majorstuen, i Christian Wallumrød sekstett, saman med Odd Nordstoga, Maj Britt Andersen, Reidar Larsen, Det Norske Solistkor og Trondheimsolistene.
I 2006 debuterte han på Telemarkfestivalen med verket Brytningstid. Han har også skrive bestillingsverk for Førde Internasjonale Folkemusikkfestival i 2009, og han er i full sving med nye bestillingar.
GJERMUND LARSEN har ei lang merittliste, og har vunne fleire nasjonale prisar. Han er tidenes yngste vinnar i eliteklassa på landskappleiken. Saman med broren Einar Olav Larsen har han og vunne ei lang rekkje nasjonale og internasjonale samspelprisar.
Samen med Majorstuen har han gjeve ut fleire plater, mellom anna Majorstuen, som dei vann Spellemannprisen for i 2003. Saman med broren gav han ut plata Søttenpassingen
(2004). «Dette er en av de beste utgivelsene her til lands den senere tid», skreiv meldaren Bjørn Hovde på nettstaden Groove.no. Larsen har også motteke Osaprisen (2004), Øyvind Berghs minnepris (2004) og Grappas debutantpris (2007). I vurderinga frå
Grappa-juryen stod det: «Vinneren er en helstøpt og allsidig instrumentalist med et sterkt og personlig uttrykk. Han behersker instrumentet sitt svært godt og beveger seg med stor letthet mellom ulike musikalske sjangere.»
Larsen er utdanna frå Ole Bull Akademiet på Voss, og frå prestisjetunge Norges Musikkhøgskule i Oslo. Gjermund Larsen har vokse opp i folkemusikkdynastiet
Larsen i Verdal. Han er son til den kjende folkemusikaren Geir Egil Larsen.
-------------------
KYRKJEKONSERTANE PÅ HILME-STEMNET I 2010:
Kyrkjekonsertane blir arrangert her: Hedalen stavkyrkje (26. juli), i Lidar kyrkje (27. juli), St. Thomaskyrkja på Filefjell (28. juli), Tingnes kyrkje (28. juli) og Bruflat kyrkje (30. juli).
Konsertane blir arrangert i samarbeid med sokneråda ved dei ulike kyrkjene.
Billettpris: 200 kroner.





