SØK!
Jørn Hilme-stemnet

Hilmeveteranen

Publisert 20. juli 2010 08:45

Rolf Karlberg (79) frå Rogne har fylgt 50-års jubilanten Jørn Hilme-stemnet
heilt frå starten. Rolf er født og oppvaksen i Oslo, og fekk ei sterk interesse for folkemusikk og dans i ungdomsåra. Der vart han også kjent med miljøa som dyrka bygdedansen og tradisjonsmusikken frå Valdres.

// Tekst: Magne Olav Selland


Rolf, du var tilstades på det fyrste Jørn Hilmestemnet i 1960. Er det noko spesielt du minnest
frå det?
– Det var jo oppføringa av minnesmerket over Jørn Hilme då, som valdresspelemenn
hadde teke initiativ til å samle inn pengar til. Elles hugsar eg ein konsert i Rognebygningen på museet, med spelemenn som Andris Dahle, Olav Øyraker og Torleiv Bolstad. Folk stod som sild i tønne.
Kona til Rolf, Magny, skyt inn at det var kåring av «Valdresprinsessa» på eit av dei fyrste stemna. Magny og tvillingsystera Borgny deltok, dei nådde ikkje heilt til topps, men kom rett bak vinnaren og vart kåra til terner!
Har du vore til stades på alle stemne sidan starten?
– Ja, det trur eg, utan å kunne seie det 100% sikkert, seier Rolf. Vidare fortel han at han har hatt forskjellige roller på stemnet opp gjennom åra. Han har vore deltakar i dans, kveding, munnharpe og hardingfele. Han har også halde springar- og munnharpekurs. Og han har
vore domar.
– Det var også ei periode der eg hadde mykje med sjølve arrangementet å gjere. Då eg vart tilsett som direktør for Valdres Folkemuseum i 1984, høyrde det med til stillinga å vere representant for museet i folkemusikknemnda for Valdres. Saman med Trygve Bolstad
som var folkemusikkinstruktør, og Ingar Ranheim som var dagleg leiar i Valdres folkemusikklag, hadde eg hovudansvaret for gjennomføringa av stemnet. Då var ei av oppgåvene mine å ta meg spesielt av det som skjedde på museet. På denne tida bestod stemnet av kappleik, ein kveldskonsert og dans på museet. Ein ting eg vil
nemne frå denne perioden, er at me starta med tevling i lagdans, som fyrste kappleik i landet.
Rolf kjem på ein episode frå denne tida:
– Det var ein gong Trygve hadde noko strev med å få folk ut frå museumsområdet då det var slutt på natta og det skulle stengast. Han hadde nok kome i litt klammeri med nokon av dei, for dagen etterpå kom det ein flokk på døra og skulle «ta meg». Me budde då i Jonsheggebygningen på museet. Så trudde dei det var eg som hadde kasta dei ut, Trygve hadde briller, og eg hadde briller, veit du. Det var Magny som var raskast ned, ho fekk godsnakka med dei og fekk dei ut att. Kan du hugse det, Magny? Magny må tenkje seg litt om – Det var ikkje dei eg fortalde at det pågjekk nakenbading borte ved Strandefjorden, då?
Er det noko opplevingar frå stemnet desse åra som du vil trekke fram?
– Eg vil seie at det på ein måte er heilskapen, med kappleiken om dagen og dansen på museet på kveldane, som eg sit att med. Kanskje spesielt det livet som var på kveldane. Buskspelet, å treffe folk, både valdrisar og dei som kom langvegs frå, det sosiale. Når det gjeld dei største opplevingane dei siste åra, har nok det vore solokonsertar med spelemenn.
Til slutt, Rolf Karlberg, har du noko ynskje for festivalen i dei neste femti åra?
– Eg er oppteken av at stemnet ikkje skal bli for likt alle dei andre festivalane. Det er viktig at me held på og dyrkar særpreget vårt.

Årets festivalartist er Jan Beitohaugen Granli.

Les meir »


Kappleiken på Jørn Hilme-stemnet er ein av dei største i heile landet!

Les meir »


Vi byr på eit rikhaldig kurstilbod.

Les meir »


Få oversikt over alle konsertane under festivalen.

Les meir »


God dansemusikk er varemerke for Jørn Hilme-stemnet.

Les meir »