Velkomen i gjengen!


Under dei hektiske festivaldagane bidreg nær 300 frivillige i kulissane. HILME treng sterke hender og gode hovud for å få hjula til å gå rundt. Blir du med? 

 

Kva kan eg jobbe med?

Arrangørane treng mange frivillige, mellom anna til å rydde stolar, henge opp plakatar, vere artistkontakt, selje billettar og smørje brødskiver. Vi treng særleg mange hyggelege ordensvakter både på dag-, kveld- og nattetid. Målet er at ein som dugnadsarbeidar også skal få oppleve festivalen og at det å realisere noko saman skal gi ei ekstra god festivaloppleving! Bli med å skape årets Jørn Hilme-stemne!

Frivilligheit er også så mykje meir enn planverk og praktisk arbeid; det handlar om fellesskapet og gleda ein opplever i lag. Som frivillig kjem du rett og slett under huda på festivalen. 

Bli med på laget! 

 

Som frivillig får du:

Inntil seks timars arbeid: Kveldsbillett til museet fredag eller laurdag.

12 timar eller meir: Gjennomgangsbillett til kappleiken og alle arrangementa på museet under heile stemnet.

Alle som deltek som frivillige får også ein eksklusiv invitasjon til den store festen Natt på museet!

Dugnadsarmband, fribillettar og informasjon får du på festivalkontoret på Valdres Folkemuseum som er ope under heile festivalveka. Meir informasjon om vakta får du av nemdsleiaren som du jobbar under, og elles når du møter opp til fyrste vakt.

Sjå kven som er nemndsleiarar her.