Solefallskonsert


Solefallskonserten på stølslaget Jaslangen har vorte ein av Jørn Hilme-stemnet sine store publikumssuksessar, og det med god grunn.

Foto: Anne-Marte Før

Ein gong i året blir det  vesle stølslaget Jaslangen i Vestre Slidre kommune fylt av eit tusentals menneske. Med Hemsedalsfjella som bakteppe finn ein seg til rette i lyng og vier for å få med seg årets beste kombinasjon av musikk og natur.

Du kan kjøre eigen bil, men tenk gjerne på miljøet og hopp på bussen som vi set opp. Området er elles særs veleigna for sykkel om du ikkje er langvegsfarande.

Du får også kjøpt god stølskost som du kan nyte i lag med musikken og naturen.

Sommaren 2024 er det Hekla Stålstrenga som kjem til Jaslangen. Du kan kjøpe billettar her!

Velkomen!