Hovudside Info Jørn Hilme – mannen, musikken og mystikken
Facebook Instagram

Jørn Hilme – mannen, musikken og mystikken

"På ein liten, fatigsleg heimstad i gamle Solabu, Ulnes, var han fødd og alen den merkelege mannen, som kom til å verka so sterkt inn på norsk musikkliv — ikkje berre i slåttespel, men som ogso skapte grunnto til våre største komponistar."

Slik innleier Olav Moe eit foredrag om Jørn Hilme. For han er nok Jørn Hilme (1778-1854) den største helten av dei alle, men Moe skal nok sjølv ha mykje av æra for merkevarebygginga av konseptet Jørn Hilme. I ein høveleg vev med fakta og fiksjon står ein nærmast mytisk figur fram. Han har til og med ein eigen festival. Slå den, Myllarguten!

Dei faktiske forhold

Det me faktisk veit om Jørn Hilme var at han vart fødd i Ulnes i Nord-Aurdal i 1778. Han var gift to gonger, og hadde fleire søner som etter kvart lærte å meistre låttane etter far sin. Han hadde også andre læregutar og spelemannsvener, slik som Bendik i Nø’n, Knut Nordland, Gullik Teigstol og ikkje minst Knut Lurås. Han levde fram til 1854, og han vart gravlagd på Ulnes kyrkjegard.

Utover dette lyt me i stor grad stole på munnlege traderingar. Og det er i denne samanhengen at den lys levande mannen står fram. Han er liten av vekst og skjeglar litt, i tillegg er han glad i kvinnfolk. Dette er nok dei bakanforliggande årsakane til at den samtidige storspelemannen Lars Mikjelsson Krøsshaug vart tillagt dette sitatet av barnebarnet sitt: «Ei gaang han Jørn Hilme va på Krøsshaug, skulde 'n gofa (Lars M. Krøsshaug) lære ein lått tå hono. Men de gjekk ikkji so fort so Hilmin vilde, o so sa 'n: " De e rart, at du so e so go ein spelemann, e so sein te lære!" Da svara gofa: «De kjem taa di at e ikkji e vindøygd o inkji har meir enn ei kjering!»»

Fakta og fiksjon = faksjon

Me kan nok rimeleg sikkert hevde at Jørn Hilme representerte eit brot i valdresmusikken. Kanskje gjekk han lengre enn dei gamle i å hente impulsar utanfrå? Lokalpatrioten Olav Moe skriv i minneorda etter Nils Beitohaugen: «Og ein må sanna endå meir, at det personlege flogvit vert meir og meir sjeldsynt i Valdres-spelet etterkvart. Dei unge som no kjem til, og som både syner evne og vilje til å halda på folkemusikken, dei vanvyrder synbert det som er rotekte i Valdres-musikken. Ikkje eit ekte drag har dei av Hilme-guten eller av Beitohaugen — helst lån frå Telemark og andre bygder». Til dette kan det bemerkast at Jørn Hilme sitt meisterverk «Jørnvrengja» etter alt å døme inneheld det me kan kalle sterke allusjonar til ein populær 1700-talsmenuett. Med dette i bakhovudet kan moglegvis innføringa av dei særmerkte ristetaka til Hilmin setjast i eit nytt lys.

Ein annan meister i samtida var Knut Nordland. Nordlanden fekk seg notebok, spelte med Karl Fant og lærte seg storgardsmusikk – vidare vart han favoritten til fiffen i Aurdal. Ingen kjelder nemner om Jørn Hilme spelte det me i dag kallar runddans. Det er likevel ikkje utruleg.

Nasjonalromantikk

Det er ikkje fritt for nasjonalromantiske islett i litteraturen om Jørn Hilme: «Det gjekk og går framleis mange segner om alle dei trolldoms­kunster dei gamle spelemenn, og då særs Jørn Hilme, nytta i kunsti si. Det var mystikken, trui på huldrer og troll og på sjølve Fossegrimen som fengde og fengsla folkehugen når kunstgiren fekk makt over spelemannen», skriv Olav Moe. Såleis kan me lesa om dansande drammeglas, spelande, innelåste feler i skåp og mystiske læremeistrar med bjørnelabbar med store «kløna».

Kven Jørn Hilme var og ikkje var er kanskje ikkje så interessant, all den tid det kan vera opp til oss sjølve å forme eit bilete av denne bygdekunstnaren i ei verd der faksjon er ein verdi i seg sjølv.

Tekst: Kjellbjørn Karsrud