På lag med naturen


Jørn Hilme-stemnet er eit miljøgodkjent arrangement gjennom stiftinga Fee Norway.

Foto: Cathrine Dokken

Under kan du lesa meir om ordninga og korleis du kan bidra. Det gjeld særleg områda innan transport, avfall, mat og drikke.

Redusere miljøavtrykket

Miljøgodkjent arrangement er ei utmerking for arrangørar som vil redusere miljøavtrykket. For å bli eit miljøgodkjent arrangement må arrangøren arbeide med forbetringar innan åtte område: planlegging og kommunikasjon, mat og drikke, energi og klima, innkjøp, avfall, transport, vatn og anna. Til nokre av områda treng vi hjelp frå deg.

Transport

Vi vil gjerne at du reiser miljøvenleg. Fagernes, bygdebyen og regionsenteret i Valdres, ligg langs E-16, vegen mellom Oslo og Bergen. Reisetida frå store delar av Sør-Noreg er kort og kollektivtilbodet godt. Til konserten på Jaslangen oppmodar vi publikum om å ta festivalbuss. Søk opp kollektive reisetilbod til Fagernes skysstasjon frå alle kantar av landet her!

Avfall

Vi arbeider for at mest mogleg av avfallet frå arrangementet blir sortert og resirkulert. Takk for at du hjelper oss med sorteringa av avfallet!

Mat og drikke          

God mat og godt drikke høyrer med i festleg lag. Vi brukar i stor grad lokal kvalitetsmat i festivalmenyen vår. På museet samarbeider vi med Munkekroen om matserveringa og både vi og dei er opptekne av lokalprodusert, økologisk mat og god utnytting av ressursane. På menyen finn du også vegetariske alternativ.