Hovudside Info Nyheiter Nord-Aurdal-ein god lagspelar
Facebook Instagram

På lag med Nord-Aurdal kommune

- torsdag 26. mar 2015

I sommar er det duka for folkefest på Fagernes. Men for at folkemusikkskuta» skal komme trygt i hamn, treng ein hjelp frå mange dyktige folk om bord!

 

FAGERNES: – Nord-Aurdal kommune ser med glede på at Valdres folkemusikkarrangement AS (VFAS) vel å leggje Landskappleiken 2015 til Fagernes, og er glad for å vera ein samarbeidspart, seier kultursjef i Nord-Aurdal, Ellen Persvold.

Gode samarbeidspartnarar er alfa og omega for at store arrangement skal gå knirkefritt. Landskappleiken og Jørn Hilme-stemnet er ikkje noko unntak. Då stemnet vert arrangert i Fagernes sentrum, er ein avhengig av at Nord-Aurdal kommune er «med på lasset». Kommunen stiller både lokale og store areal til disposisjon for arrangementet, noko som vert satt stor pris på frå arrangøren si side.

Ifølge Persvold, ynskjer kommunen å vere ein attraktiv plass for ulike arrangement.

– Kommunen ynskjer generelt å stille arealet sitt til disposisjon så langt det let seg praktisk gjera, for å bidra til å gjera Fagernes til ein attraktiv stad å ha større og mindre arrangement.

Frode Rolandsgard utgjer ein tredjedel av leiartroikaen for Landskappleiken. Han er ikkje i tvil om at eit godt samarbeid er viktig.

– Det er viktig for ein frivillig arrangør som Landskappleiken og Jørn Hilme-stemnet å møte ein positiv og serviceinnstilt kommune som Nord-Aurdal kommune når ein skal få gjennomført ei rekke tiltak innanfor beredskap, teknisk, servering og liknande.

Som hos dei fleste arrangement av ein viss storleik, er det også stort behov for frivillige på Landskappleiken og Jørn Hilme-stemnet.

– VFAS har ei sporty innstilling som tek på seg dette arrangementet på kort varsel, og eg vil oppfordre alle til å ta ei dugnadsøkt for arrangementet. Det fortener Landskappleiken, oppfordrar Persvold.