Hovudside Info Nyheiter Ellen Persvold ny festivalsjef!
Facebook Instagram

Ny festivalsjef på plass

- tirsdag 29. sep 2015

Ellen Persvold går frå Nord-Aurdal kommune til Hilme-stemnet.

 

FAGERNES: Frå 1. januar i år går Ellen Persvold inn i stillinga som ny festivalsjef for Jørn Hilme-stemnet. Ho går då frå stillinga som kultursjef i Nord-Aurdal kommune.

Vi er særs nøgde med å få ein så kompetent festivalsjef.

Ellen Persvold har ei breidde i kunnskap, erfaring og nettverk som passar som hand i hanske til denne jobben.

Persvold var med på å opprette Strunkeveko og bidrog sterkt til fornyinga av Jørn Hilme-stemnet på midten av nittitalet. Denne omlegginga har betydd mykje for utviklinga av stemnet. Ho har og har hatt ei rekkje styreverv innan musikk- og kulturliv både lokalt, regionalt og nasjonalt.

Ellen Persvold er ein person som alltid vågar å tenkje nytt, ho kjenner miljøet godt og har utprega gode samarbeidsevner.  Dessutan har ho eit ekte og varmt engasjement for både Jørn Hilme-stemnet og Strunkeveko.

Fram til nyttår har Eli Marit Fuglesteg vore så snill å ta på seg stillinga som festivalsjef i eit engasjement, etter at vi avslutta avtalen med arrangementsselskapet Kosa Seg AS.

Vi ynskjer med dette Ellen Persvold hjarteleg velkomen som festivalsjef for Jørn Hilme-stemnet og gler oss til å ta fatt på det vidare arbeidet i lag med henne.

 

Skrive av styret i Valdres Folkemusikkarrangement AS