Hovudside Info Nyheiter Silje kjem til Hilme-stemnet
Facebook Instagram

Silje kjem til Hilme

Knut Aastad Bråten - fredag 29. jan 2016

Silje Onstad Hålien er ein av dei fremste folkedansarane i landet, og kombinerer folkedans med det meste. Hattar, til dømes.

Denne saka har stått på trykk i Avisa Valdres

 

Jørn Hilme-stemnet har vore rekrutteringsarena for mange folkemusikarar og folkedansarar i Valdres i over 60 år. Silje Onstad Hålien, mellom andre. Den utflytte vangsgjeldingen er i dag profesjonell dansar med base i Oslo, og kjem til sommarens stemne med hattar, spark og ei forteljing om kva vi bør fylle livet med – før vi døyr.

– «101 hattar å sparke før eg døyr», heiter framsyninga. Ei dramatisk historie, eller berre ein pirrande tittel?

– Det er ei framsyning om roller, og dei ulike hattane vi tek på oss gjennom kvardagen og som vi sjonglerer mellom så godt vi kan. Det dreier seg om kvinna på jakt etter seg sjølv, både dei rollene som vi blir tiltrekte av og dei som er meir fråstøytande. Er ho krigar, dronning, mor, martyr eller berre heks? Men også: Kva for moglegheiter og avgrensingar finst innanfor dei ulike rollene, og kor mange roller må vi utforske og leve opp til innan ein kan bli seg sjølv?

Frå taket heng det ikkje mindre enn 101 hattar i ulike fasongar, som på ulike måtar er integrert i danseframsyninga.

Sjå glimt av framsyninga «101 hattar å sparke før eg døyr»

Silje Onstad Hålien er i dag den einaste kvinna i landet som dansar halling i eliteklassa på kappleikar rundt om i landet. Under Folkelarm 2015 vart ho òg kåra til Årets folkedansar. Ho fortel at prisen var ei stor anerkjenning for henne og for scenedansen som kunstsjanger. Livet som folkedansar er krevjande, men utviklande, fortel ho.

– Arbeidsdagen er variert, og består av mykje kreative samarbeid og eit konstant ynskje om å gjere spennande og utviklande prosjekt. Eg har funne ei slags nisje, kan du seie, eller iallfall eit uttrykk eg stadig prøver å utfordre og nyansere. Det er sjølvsagt kamp om jobbane når ein er frilansar, men så lenge eg søkjer utvikling og i tillegg er idérik på eigne prosjekt har eg endå ikkje opplevd å vere arbeidslaus.

Onstad Hålien karakteriserer stoda for folkedansen som både blomstrande og utryddingstrua. Ho meiner kulturskular og festivalar må satse meir på dans, og at det på sikt blir etablert ei utdanning på høgare nivå innan folkedans. Men hovudansvaret kviler på det frivillige miljøet.

– I botnen må vi ta vare på folkedansen i lokalmiljøet, skipe til gode dansefestar, leggje til rette for solide arenaer for dans i lokalmiljøa, på grendehuset, på småskulen, og støtte opp under eldsjeler som opprettheld eit miljø rundt dansen og musikken. Eg har sjølv erfart kor viktig eit levande dansemiljø i nærområdet var gjennom heile barndomen, og for utviklinga mi som profesjonell dansar.  Mi eiga dansereise byrja på lokalet heime, og på Herangtunet i Volbu.

«101 hattar å sparke før eg døyr» er ikkje tidlegare vist i Valdres, men blir synt fram fredag 29. juli i Kulturhuset på Fagernes. På scenen har ho med seg multiinstrumentalist Anders Löfberg frå Sverige. Regi er ved Susanne Marko.

Jørn Hilme-stemnet 2016 blir arrangert for 66. gong, og det er Valdres Folkemusikkarrangement som arrangerer stemnet.