Hovudside Info Nyheiter Strunkeveko til Merket
Facebook Instagram

Strunkeveko til Merket

Ellen Persvold - onsdag 03. feb 2016

I sitt 18. år flyttar Strunkeveko frå Valdres Folkehøgskule på Leira til Røde Kors-senteret Merket Tisleidalen.

Denne saka har stått på trykk i Avisa Valdres

 

– Det forpliktar. Difor går Strunkeveko «Into the wild» i 2016 og innleier eit samarbeid med Merket. Det har vi store forventningar til, seier Persvold.

24.–29. juli skal 100 unge frå 11 til 20 år få opplæring på hardingfele, langeleik, song, dans og mykje meir.

– Dei får dei beste instruktørane som lærar og inspirasjonskjelde. Strunkeveko er den fremste møtestaden i landet på dette området og årleg kjem om lag 100 deltakarar til fagleg og inspirerande sumarferieveke i Valdres, seier Persvold.

– Merket har gode fasilitetar både for undervisning og aktivitetane våre elles. Det er også eit natureldorado rundt i Tisleidalen og vi gleder oss til å utforske omgjevnadene rundt Merket og til å ynskje publikum velkomen til både for store og mindre konsertar under veka, legg Persvold til.

Strunkeveko har fått Sivert Holmen frå Aurdal som kursleiar. Vidare består styringsgruppa av Ragnhild Kolsrud, Eirunn Steinsfjord, Anne Marit Jota, Ådne Kolbjørnshus og Solveig Hårdnes.

– Lærarane er som før dei beste på sine område og besetningen for veka er snart på plass, legg Persvold til.

Av dei som kjem til Strunkeveko er blant andre den eminente toradar- og trekkspelaren Ole Nilssen frå Løten. Vidare er Bjørn Kåre Odde og Øyvind Sandum klare for å undervise i arrangering av runddans.

Senterleiar for Merket, Gunn Pedersen, er godt nøgd med å få plass til Strunkeveko.

– Vi vil dyrke det som er ekte. Merket er ein plass med lange tradisjonar, som har gamle trebygningar og der vi dyrkar den norske kulturen. Då passar Strunkeveko godt inn, seier Pedersen.