Hovudside Info Nyheiter Ingebjørg kjem til Hilme
Facebook Instagram

Ingebjørg til Hilme

Knut Aastad Bråten - mandag 22. feb 2016

Ho er ein av dei fremste og mest folkekjære artistane i landet. Under Hilme-stemnet blir det solefallskonsert på Jaslangen i Vestre Slidre med Ingebjørg Bratland.

Denne saka har stått på trykk i Avisa Valdres

 

Noregs songfugl har vore i Valdres fleire gonger, både på kappleik og med fleire konsertar. Ingebjørg gler seg til å kome tilbake.

– Sommar i Valdres er noko av det likaste eg veit. Jørn Hilme-stemnet, men også Vinjerock er to av favorittfestivalane mine.

Og kanskje høyrer både Ingebjørg og songen hennar best heime i fjellheimen? Ho er oppvaksen i Vinje i Telemark, og har eit nært forhold til barndomsheimen og fjella rundt.

– Eg er veldig glad i fjellet og traskar langs dei gamle stigane så ofte eg har anledning. Dei mektige fjella gjev meg mykje energi og ro. Eg kjenner meg sjeldan så heime som nett då, fortel ho.

Ingebjørg Bratland blir i dag rekna som ein av dei største og mest travle songarane i landet, med eit uttal konsertar, radio- og TV-show det meste av tida. I 2013 gav ho ut debutplata si, «Heimafrå», med mellom andre Odd Nordstoga. «Berre meg» kom i 2014 og «Månesinn», vart lansert i fjor. Livet som artist kunne ho ikkje vore forutan.

– Det er travelt, grueleg moro og mykje jobb. Det er ikkje berre å sitje på bakenden og vente på at telefonen skal ringe, akkurat. Å livnære seg av songen handlar heller ikkje berre om å synge, synge og synge dagen lang. Det er mykje venting, mykje reising, mange e-postar, papirarbeid, og ikkje minst planlegging. For ikkje å seie grubling og grunning og alle vala, då. Men mest av alt er det frykteleg moro! Songen er det finaste eg har.

– Du er ein populær og folkekjær artist, og er likt av mange. Kva er det med songen din som gjer at vi blir så glade i han – og i deg?

– Tja. Den er korkje påteken eller oppkonstruert, vil eg tru. Og det er jo ikkje opera eller slik herleg-vulgært amerikansk. Det er vel det talenære, ujålete som kjenneteiknar songen min. Eg har ikkje noko stor stemme, den er kanskje heimsleg og «jorda», som når ei mor syng til barnet sitt på sengekanten. Nært, varmt. Og det må det vere, at folk kjenner seg att.

– Det byrja med folkesongen. Får vi sjå deg på kappleiksscenen på Hilme-stemnet?

– Nei, eg føler eg har fjerna meg såpass frå den tradisjonelle kvedinga at det tør eg ikkje. Men eg har alltid med meg kvedinga i synginga mi. Og uansett kva språk eller sjanger eg syng, så har eg med meg trillane og konsonantane frå kvedinga. Og det er eg frykteleg stolt over. Eg har kvedinga i botnen, det er grunnmuren i synginga mi. Det er det som skil meg frå andre songarar, dette er særpreget mitt. Det er eg veldig takksam for.

Kvedaren og songaren Ingebjørg har lært av fleire, mellom andre mor Nordstoga, Ellen. Nokon songlærar sjølv blir ho derimot aldri.

– Eg har ingen elevar. Eg er så grueleg utålmodig, så eg trur eg ville vore ein elendig lærar. Men det er mange gode som gjer eit flott og viktig arbeid i kulturskular rundt om i landet, så eg er ikkje bekymra for folkesongen inn i framtida.

Ingebjørg Bratland kjem til Jaslangen under Jørn Hilme-stemnet tysdag 26. juli. For meir informasjon, sjekk www.hilme.no, eller www.facebook.com/hilme.no