Hovudside Info Nyheiter Knut til Hilme-stemnet
Facebook Instagram

Knut til Hilme-stemnet

Ellen Persvold - lørdag 12. mar 2016

Buen-slekta er ein av dei mest profilerte folkemusikkslektene i landet. Til sommaren kan du høyre spel og prat frå ein av dei.

Denne saka har stått på trykk i Avisa Valdres 

Jørn Hilme-stemnet har i over 60 år vore møteplass for folkemusikarar frå fjern og nær, og for tradisjonelle og nyskapande folkemusikkuttrykk. Felespelaren Knut Buen frå Tuddal i Telemark har vore på stemnet fleire gonger. I år held han kåserikonsert på Valdres Folkemuseum om spelemannen og sogeforteljaren Jørgen Tjønnstaul (1894–1985) frå Rauland. 

– Han hadde det frå slekta si, i mange generasjonar attende. Faren, Olav Tjønnstaul, var omfram til å fortelja og ein skapande og minnug sogemann. Han hadde så mykje etter bestemora, Anne Golid. Det var tale om viser, segner, soger og eventyr. Men Olav var òg ein god spelemann, i ein original tradisjon, fortel Buen.

Knut Buen er i likskap med gamle Tjønnstaul både ordhittug og ein god formidlar, seier stemneleiar Ellen Persvold.

– Få i norsk folkemusikk sit inne med så mykje kunnskap om spelet og slåttane som nettopp Knut Buen. Han er ein kunnskapsbank, har ein munter og kjapp replikk, er flink til å måle stemningar og bilete av fortida, og har refleksjonar om kva musikken har betydd for menneska opp igjennom historia, seier ho vidare.

Knut står støtt i slåttemusikken frå Telemark, og han har samarbeidd med musikarar innanfor dei fleste musikalske sjangrar. Drivkraft og motivasjon til å halde fram kjem av gode tilbakemeldingar, fortel han.

– Ein driv vel med det som ein kjenner seg kalla og tenkjande til, om ein kan få oppnå det slik. Det betyr noko om det er behov for ein også. Eg fatta i grunnen tidleg at det ikkje var overskot av slike som meg. Ikkje så mange dreiv med folkemusikken på yrkesplan i mine unge år. Rikskonsertane gav mykje oppdrag, særleg rundt på skulane.

Knut Buen er godt kjend i Valdres, og han har mange folkemusikkvener her. Folkemusikken i Valdres er ein av dei mest varierte og stemningsrike i landet, meiner Knut.

– Valdres har ein unik toneskatt på ulike folkemusikkinstrument og i vokal form, og ein av dei mest særmerkte folkedanstradisjonane. Elles må eg seia at det har støtt vore så ordhage og intelligente utøvarar derifrå. På valdresvis, heiter det av den grunn. Det er musikalsk svung i valdrisane.

– Du har vore aktiv folkemusikar i mange år: Kva for opplevingar har gjort størst inntrykk på deg?

– Stor, større, størst er lite brukte og lite aktuelle ord i mi oppleving av kultur. Eg har så vanskeleg for å bli sekterisk bunden når det gjeld opplevingar. Blir like rørt og forbanna, uansett opphav. Så mange har sunge, spela og tala meg til tårer. Så mykje har eg fått vera med på. Eg vil svara med litt glimt i auga: Det blei spurt i eit TV-program om folk var lukkelege. I den samanhengen kom eg til å spørja kona mi om ho var lukkeleg. Ho vart litt forbausa, og så kom det: «Eg veit ikkje eg. Har ikkje hatt tid til å tenkje på det!»

Knut Buen kjem til Jørn Hilme-stemnet fredag 29. juli. Meir informasjon om Jørn Hilme-stemnet finn du på www.hilme.no og på www.facebook.com/hilme.no