Hovudside Info Nyheiter Amandanominasjon til Fagernes under Hilme
Facebook Instagram

Amandanominasjon til Fagernes

Knut Aastad Braten - onsdag 22. jun 2016

Filmen Kvar song ei soge er nominert til Norges beste dokumentarfilm under Amandafestivalen i Haugesund. Prisen blir delt ut i august, men du kan sjå filmen på Fagernes kino under Jørn Hilme-stemnet.

Denne teksten har stått på trykk i Avisa Valdres

 

Gjennom mange hundre år har den munnlege songtradisjonen hatt ein viktig plass i norsk kultur. Kvar song ei soge er filmen om dei som syng og songen sin plass i kvardagen.

Songen er ein bestanddel i liva våre og i Kvar song ei soge får ein møte lokalbefolkninga rundt Møsvatn i Vinje kommune i Telemark. Bygda ligg høgt til fjells og tett på Hardangervidda. Gjennom songen skaper folk rundt Møsvatn meningsfulle forteljingar i liva sine. Dei dannar samanheng mellom fortid og framtid, minne og forventning.

Filmen handlar om å ta vare på ein eldgamal tradisjon, og å vidareutvikle den. Varmt og nært, muntert og sorgfullt blir det i Kvar song ei soge fortalt om det å høyre til, reise bort og å lengte heim.

Kvar song ei soge var ein av tolv norske filmar som blei sett opp på programmet til den prestisjetunge Eurodok-festivalen på Cinemateket i Oslo i mars i år. Hilme-stemnet såg filmen og er glad for å kunne presentere denne i kulturhuset i samarbeid med Fagernes kino.

-Vi gler oss til å vise denne perla av ein film i samarbeid med Jørn Hilme-stemnet og håpar at mange får med seg denne flotte filmopplevinga, seier kulturkonsulent Susanne Høybach.

-Alle har me eit forhald til song. Mange av oss brukar song i kvardagen og ulike songar har meining for oss i ulike livssituasjonar. Filmen minner oss på kor viktig song er, og kan vera, i liva våre. Dette seier festivalsjef hos Jørn Hilme-stemnet, Ellen Persvold.