Hovudside Info Nyheiter Dansarane avgjer
Facebook Instagram

Dansarane avgjer

Knut Aastad Bråten - søndag 05. jun 2016

Hilme-stemnet presenterer ei nyskaping på dansegolvet: Dansespelkonkurranse med polkapris.

 

Jørn Hilme-stemnet går av stabelen 24.—31. juli, og samlar danseglade frå heile landet. Nytt av året er dansetevling med kåring av beste dansespelemann. I konkurransen slepp kvar påmelde solospelemann til med 3-4 låttar kvar. Kven som vinn? Det bestemmer ein dansande folkejury. Stemmesetlane er ikkje pengar men sjølvsagt polkagrisar – og spelemannen med flest polkagrisar i krukka vinn. Festivalen oppmodar runddansspelemenn i alle fasongar til å ta med seg toradar, trekkspel eller fele – og publikum til å pusse danseskoa.

Gamaldans
Danseentusiastar kan også merke seg eit anna høgdepunkt denne sommaren: Laurdagskvelden spelar gammaldansgruppa Lendmenn. Gruppa kjem frå Lalm og Garmo i Gudbrandsdalen og er i dag av dei mest aktive gamaldansgruppene i landet. I 2015 platedebuterte dei med livealbumet «Den fyrste».

Gruppa har teke innersvingen både på dansegolva og dommarpanela, og har oppnådd gode plasseringar i fleire sentrale konkurransar, mellom anna på Landsfestivalen og Storefjelltreffen. Musikarane i Lendmenn er mellom dei yngste og blankaste stjernene på gammaldanshimmelen, og heiter Steinar Odde (gitar), Mads Erik Odde (trekkspel), Bjørn Kåre Odde (fele), Øyvind Sandum (trekkspel/toradar) og Bjarne Odde (kontrabass) – med ein snittalder på 29 år.

Dansevertar
Har du lyst til å danse, men manglar ei fast hand til å føre deg? Ikkje fortvil, festivalen har eigne dansevertar med veggpryd som spesialområde. Hilme-stemnet har gjennom mange år markert seg som ein viktig arena også for gammaldansen, ikkje minst dansespelet på museet, som er sjølve kjennemerket ved Hilme-stemnet.

– Gammaldansen har hatt ein sentral plass her frå starten og er ein viktig del av det totale dansetilbodet på Hilme-stemnet. Når vi no utviklar satsinga på gammaldans vidare, er det fordi vi ynskjer å invitere runddansspelet inn i tevlinga på ein uformell og leiken måte der publikum bestemmer, seier Ellen Persvold, dagleg leiar for Jørn Hilme-stemnet.