Hovudside Info Nyheiter Eksperimentell kappleik
Facebook Instagram

Eksperimentell kappleik

Knut Aastad Braten - torsdag 23. jun 2016

Kappleiken under Jørn Hilme-stemnet siste helga i juli har lange tradisjonar. Ein av dei har vore å fornye seg. I år blir det pengepremiar og grenselaus finalespel på tvers av instrumentsjangrane.

Denne artikkelen har stått på trykk i Avisa Valdres

 

FAGERNES: Såleis var stemna fyrst ute med nyvinningar som lagdans og open klasse, programpostar som seinare har vorte vanlege på dei andre kappleikane i landet.

Finale laurdagskvelden
I år vil kappleiken kulminere med ei finale på laurdagskvelden. Det er dei tre beste kappleiksprestasjonane med høgaste poengsum frå tevlingane på dagtid, uavhengig av klasse, som skal møtast til dyst på amfiet på Valdres folkemuseum. Vinnaren stikk av med 10.000 kr, medan andreplassen og tredjeplassen blir løna med høvesvis 5000 kr og 2000 kr. Klassevinnarane i dei klassane utan finalistar vil bli løna med 1000 kroner kvar. Elles blir det gjæve deltakarpremiar.
– Me vil gjera det gjævt å delta på Hilme-stemnet, seier leiar for Hilme-stemnet Ellen Persvold.

Seks i domarpanelet
I domarpanelet sit det seks fagpersonar med ulike spisskompetansar. Nytt av året er at dei seks domarane skal døme i så å seie alt.
– Dette er ei ordning som er vorten praktisert på andre mindre kappleikar i over 10 år, er såleis godt prøvd ut. Domarane tek òg i bruk dei nye, forenkla domarskjema. Frå no blir alle utøvarane rangerte på ein skala frå 0 til 100, og 75 poeng er den nye grensa for opprykk til A-klassen, som er eliteklassen, seier tevlingsleiar Kjellbjørn Karsrud.

Sju klasser
Det er i alt sju klasser ein kan melde seg på i. For å gjere kappleiken meir attraktiv for publikum blir det i år førehandspåmelding og startlister. Den einaste nivåinndelinga er junior- og seniorklasser. Seniorane (dei som er over 18 år) tevlar på laurdagen, og juniorane tevlar på sundagen.
– Elles kan eg minne om at juniorane står fritt til å melde seg på i seniorklassene om dei føler seg klare til det, seier Karsrud.

 

Fakta om kappleik

  • Kappleik er konkurranse i folkemusikk og folkedans
  • Dei fyrste kappleiken i landet vart arrangert i Bø i Telemark i 1888
  • Det blir arrangert ikring 10 store kappleikar i landet kvart år. Jørn Hilme-stemnet er ein av dei
  • Landskappleiken er den største, og har ikring 1400 startande
  • Klassene ein kan delta i under Hilme-stemnet er eldre folkemusikkinstrument, samspel, toradar/trekkspel, hardingfele/vanleg fele, vokal, pardans og hallingdans
  • Dei tre beste med høgste poengsummen, uavhengig av klasse, går vidare til finalespelet