Hovudside Info Nyheiter Har funne forma si
Facebook Instagram

Hilme har funne forma si

Knut Aastad Bråten - torsdag 02. jun 2016

Leiar i hovudnemnda for Jørn Hilme-stemnet, Frode Rolandsgard, seier Hilme-stemnet har vore ein viktig musikalsk brubyggjar mellom ulike kunstsjangrar.

Denne saka har stått på trykk i Avisa Valdres

 

– Jørn Hilme-stemnet ynskjer å gje plass til ulike musikalske ytringar, både solistar og større gruppe, men også dei som definerer seg innanfor ein sterk tradisjon og dei som ynskjer å bryte på stramme tradisjonsband, og som dreg musikken og dansen over i andre sjangrar. Den musikalske og sceniske fridomen er stor.

– Kappleikane er ganske konservative i forma, er dei ikkje?
– Jau, landskappleiken har si faste form, og sitt strenge tevlingsreglement, slik tevlingar sjølvsagt skal ha. Det gjer oss frie til å tenkje annleis, vere noko anna, noko vi har lukkast godt med i mange år no.

– Kva gjer du sjølv under Hilme-stemnet?
– Eg skal passe ungar og er mest oppteken med siloslåtten, men får sjølvsagt med meg konsertane på kveldstid. Dessutan har eg meldt meg på langeleikkurs.