Hovudside Info Nyheiter Programmet er klart
Facebook Instagram

Programmet er klart!

Knut Aastad Bråten - tirsdag 31. mai 2016

Hilme 2016 blir rekna som ein av dei største folkemusikkfestivalane i landet. No er festivalprogrammet klart.

Denne saka har stått på trykk i Avisa Valdres

 

– Med over 80 konsert- og arrangementspunkt, er vi utan tvil ein av dei store blant dei norske folkemusikkfestivalane. Dessutan er vi breie, og har smakebitar for gamle og unge, dei som likar mykje lyd og dei som ynskjer å kome tett på den vare tonen. 

Det er Ellen Persvold som seier dette. Arrangørane bak festivalen har brukt tid på programmeringa. Endeleg er alle brikkene på plass.

– Eg kom inn som dagleg leiar på nyåret, og saman med ei hovudnemnd har vi sett saman bitane og laga eit festivalprogram med mykje høg musikalsk og scenisk kvalitet.

Nokre høgrepunkt under årets Hilme-stemnet er utan tvil solefallskonserten på stølslaget Jaslangen i Vestre Slidre med den folkekjære artisten Ingebjørg Bratland. Andre telemarkingar kjem også til Fagernes i sommar, og ein av dei har drive på ei stund: Knut Buen er ein kunnskapsbank, har ein munter og kjapp replikk, er flink til å måle stemningar og bilete av fortida, og refleksjonar om kva musikken har betydd for menneska opp igjennom historia.

 Tone Hulbækmo og Hans Fredrik Jacobsen kjem også.

– Dei har hatt eit fantastisk musikalsk samliv, og sjå tilbake på med tre spelemannsprisar, turnear over heile verda, fleire tingingsverk, komposisjon av musikk til teater- og ballettførestillingar for å nemne noko, fortel Persvold.

Frå Hardanger kjem den relativt unge Frank Rolland, spelemann på hardingfele, og læremeistar Ingeleiv Kjærland Kvammen (f. 1932), som er ei av dei fyrste kvinnene som verkeleg markerte seg med fela.

– I dag tek vi det som sjølvsagt at kvinner speler hardingfele. Slik var det ikkje den gongen, og Ingeleiv har slik vore eit viktig feministisk bidrag i kampen for kvinnas plass i folkemusikken.

Vangsgjelding og dansar Silje Onstad Hålien kjem med førestillinga «101 hattar å sparke før du døyr». Meir dans blir det. Hilme-stemnet er dansefesten framfor nokon, og gjev dansarane nærmast 1000 golv å trø takta på. I dei gamle stovene på Valdres Folkemuseum blir det både hallingspringar, valdresspringar, pols og mangt anna. På storscenen spelar Lendmenn opp til dans. Likar du å danse etter tralling eller munnharpe blir det anledning til det, med Marit Karlberg og Anders Røyne bak mikrofonane.

Nytt av året er dansetevling med kåring av beste runddansespelemann i Jørn Hilmes polkapris. Ein dansande folkejury avgjer det heile med polkagrisar – og spelemannen med flest polkagrisar i krukka går rikare heim både på pengar og opplevinga.

Med dansen og dansespelet i høgsete ynskjer Jørn Hilme-stemnet å ære dansarane Berit (1923-2016) og Knut Steinsrud (1921-2010) for arbeidet dei la ned for dansen og folkemusikken i Valdres. Omrisset av danseparet Knut og Berit Steinsrud er logoen til Hilme-stemnet og dei skal nå heidrast med ei festframsyning i Kulturhuset fredag kveld.

«Ang» av komponisten Øystein Figenschou, er eit verk openbert og gjort verkeleg av seks hardingfeler. 

– Noko nytt og annleis?

– Folkevisa får sin eigen fotoboks under stemnet. Dette er aldri tidlegare prøvd ut, og folkeviseautomaten får sin debut på Fagernes. Gå inn i boksen, trykk på ein knapp og syng inn visa di, seier Ellen Persvold.

Målet er ikkje fyrst og fremst å prestere, men om å formidle det som står ein nært og kjært i ein lystig eller lyrisk situasjon. På dei profesjonelle scenene kan me oppleve ypparleg song, men med Min folketoneautomat ynskjer me å skape ein arena der breidda skal koma til uttrykk og bli verdsett på ein annen måte enn i dag.

I tillegg blir det kyrkjekonsert med Brøtagutadn, kvedarstund med mor Gunnlaug Lien Myhr og dotter Margit, meisterkonsert med talentmusikarane Sivert Holmen og Bjørn Kåre Odde og arkivgull og nerdequiz på seinkvelden for dei som likar det.