Hovudside Info Nyheiter Meld deg på Hilmekursa!
Facebook Instagram

Meld deg på Hilmekursa no!

- torsdag 28. jul 2016

Ynskjer du å bli ein racer på langeleik? Vil du lære valdresspringar, eller kva med eit songkurs? Jørn Hilme-stemnet har i alle år arrangert kurs i ulike instrument- og dansetradisjonar. Slik blir det også i år.

 

Jørn Hilme-stemnet blir arrangert dagane 24. –31. juli og er ein av dei eldste folkemusikkfestivalane i landet – med kappleik, konsertar og ikkje minst kurs. Stemnet er rekrutteringsarena for nye folkemusikkinteresserte – både dei som ynskjer å sjå og lytte, og dei som ynskjer å gå meir aktivt til verks.

Kursa under Hilme-stemnet går torsdag 28. juli og fredag 29. juli. Oppmøte på Valdres Folkemuseum torsdag kl. 15. Kursoversikta ser slik ut: 

  • Valdresspringar, nybyrjar: Arne og Aaste Månum Ødegård. Spelemann: Ola Hilmen
  • Valdresspringar, vidarekomne: Knut Arne Jacobsen og Brit Totland. Spelekvinne: Selma F. Bolstad
  • Valdresspringar, djupdykk: Ingar Ranheim og Tone Eidsvold. Spelemann: Jan Beitohaugen Granli
  • Pols: Rolf Feragen og hemmeleg dansekvinne frå aktuelle trakter.              
  • Gamaldans: Ivar Hemsing og Anne-Marit Røn. 
  • Langeleik: Marit Steinsrud
  • Song: Gunnlaug Lien Myhr
  • Munnharpe: Anders Røine 

For påmelding til kurs, sjekk www.hilme.no/program/kurs.