Hovudside Info Nyheiter Minnest Trygve Bjørgo
Facebook Instagram

Minnest Trygve Bjørgo

Knut Aastad Braten - torsdag 21. jul 2016

I år er det 100 år sidan lyrikaren og målmannen Trygve Bjørgo vart fødd. Det blir markert med ein eigen konsert under Jørn Hilme-stemnet.

Saka har òg stått på trykk i avisa Valdres

 

Olav Norheim og enka etter Trygve, Bjørg, les dikt og fortel frå livet til Trygve. Spelemannen Henning Andersen krydrar det heile med vakkert felespel.

– Trygve Bjørgo gav ut mange diktsamlingar på forlaget Gyldendal og var ein respektert lyrikar. I ei tid der dei litterære sjangrane stadig utviklar seg, er det òg viktig å formidle arven etter lokale og nasjonale forfattarar til nye generasjonar, seier Knut Aastad Bråten i Jørn Hilme-stemnet

Trygve Bjørgo var fødd i 1916 på Bjørgo i Nord-Aurdal og vart etter kvart ein kjent lyrikar, skulemann og leiar i målrørsla, lokalt og sentralt. Han var yngstemann i ein syskenflokk på ti og vaks opp på garden Nørre Bjørgo på Sørskogen saman med syskena og foreldra Karen og Jul Bjørgo.

Frå 1949 var han lektor ved det nye Gudbrandsdal offentlege landsgymnas på Vinstra, der han vart verande til 1964. Frå hausten det året vart han tilsett som rektor ved det nystarta Valdres gymnas på Fagernes.

Trygve Bjørgo var sterkt engasjert i målsak og kulturarbeid, og han gjorde Valdres gymnas til eit kultursentrum av dei sjeldne, ikkje berre for elevane, men for folket i heile Valdres.

Trygve Bjørgo gav i alt ut sju diktsamlingar, og han fekk med dikt i ei lang rekke antologiar. Dei sju diktsamlingane er I minneskogen (1952), Mørker og morgon (1954), Vokstergrunn (1961), Frø i vind (1968), Kvit hest under hegg (1972), Auke åkeren (1979) og Straumar under yta (1986). For Vokstergrunn fekk han Sunnmørsprisen same året.

Då Trygve Bjørgo slutta som rektor ved Fagernes vidaregåande skule, fekk han Kongens fortenestmedalje i gull. Han mottok òg Valdres kulturpris (1967), Sparebankens kulturstipend (1982) og kulturprisen i Nord-Aurdal (1988). I 1990 vart han æresmedlem i Oppland forfatterlag.

Trygve Bjørgo blir markert gjennom heile året. I tillegg til konsert under Jørn Hilme-stemnet blir det ei større markering på Valdres Folkemuseum, og det er planlagt tur frå heimegarden Bjørgo og til Rotvasstølen, der Trygve Bjørgo var med foreldra sine gjennom heile barndomen.