Hovudside Info Nyheiter Stifinner i Aurdal kirke
Facebook Instagram

Stifinner i Aurdal kirke

Knut Aastad Braten - tirsdag 12. jul 2016

I vinter gav kjende Tone Hulbækmo ut plata «Stifinner». Til sommaren kjem ho til Jørn Hilme-stemnet og Aurdal kirke med harpe, song og band.

Teksten har stått på trykk i avisa Valdres 12. juli 2016

 

Hulbækmo har eit stort musikalsk liv å sjå tilbake på. Ho har vunne tre spellemannprisar, turnert over heile verda, komponert fleire tingingsverk og musikk til teater- og ballettframsyningar, og samarbeidd med dei fremste norske og utanlandske artistar innanfor alle sjangrar.

«Stifinner» er den førebels siste plata til Hulbækmo, og er ei rik og svært gjennomført plate der både alvor og skjemt, klokskap og intuisjon kjem til uttrykk. Her er element av folkemusikk, mellomalder og blues. «Stifinner» har blitt eit sjangeroverskridande album, der også inspirasjon frå mange av Hulbækmos samarbeidsprosjekt verda over kjem til uttrykk.

Hovudinstrumentet på plata er den norske harpa. Harpetradisjonen i Noreg døydde ut i levande bruk ein gong for ikring 200 år sidan – fram til Tone Hulbækmo bles liv i han att på slutten av 70-talet. Sidan har ho utvikla ein særmerkt stil og tradisjon på instrumentet. Ho har brukt harpa på fleire plateproduksjonar og konsertar, men aldri har harpa stått meir sentralt enn på dette albumet.

På «Stifinner» har Hulbækmo òg valt å gå nye og spennande vegar med si eiga stemme. Ho utforskar nye uttrykk innanfor både rapp, «syngesnakking» og deklamasjon – i tillegg til meir alminneleg song. Hulbækmo, som sjølv har produsert albumet, har med seg eit svært dyktig og kompetent band: Fredrik Jacobsen på fløyter, gitar og toradar, Alf Hulbækmo på keyboard og munnspel, Ellen Brekken på kontrabass og Hans Hulbækmo på slagverk, munnharpe og sag.

Tid og stad: Aurdal kirke // onsdag 27. juli kl. 19