Hovudside Info Nyheiter Festivalprogrammet er klart
Facebook Instagram

Festivalprogrammet er klart

Knut Aastad Bråten - lørdag 18. mar 2017

Hilme-stemnet er den eldste folkemusikkfestivalen i landet. No er festivalprogrammet klart.

- Med over 50 arrangement er vi ein av dei største folkemusikkfestivalane i landet. Jørn Hilme-stemnet er brei og smal på same tid, og spenner vidt frå kjende publikumsyndlingar til ukjende debutantar, fortalde Ellen Persvold, dagleg leiar i Jørn Hilme-stemnet, under programsleppet i dag.

Festivalens generalsponsor er Sparebank 1 Hallingdal og Valdres var med å kaste glans over programsleppet på festivalkontoret.

Snart 60 år

Jørn Hilme-stemnet har halde det gåande sidan 1960, og er ein av dei eldste i sitt slag i landet. Festivalen har heile vegen opna opp for nye folkemusikalske uttrykksformer.

- Hilme er festivalen for dei som diggar mykje lyd og dei som ynskjer å kome tett på den vare tonen, fortalde Persvold.

Eitt av høgdepunkta under årets Hilme-stemnet blir solefallskonserten på stølslaget Jaslangen i Vestre Slidre – i år med Odd Nordstoga. Solefallskonserten er populær, og i 2016 sette konserten ny publikumsrekord med 2300 besøkande. Persvold seier det er borga for store opplevingar også i år.

- Odd Nordstoga er av dei mest folkekjære og sjarmerande artistane i landet. Samstundes står han solid forankra i den norske folkemusikken. For nokre år sidan vann han kvedinga på landskappleiken. Han har eit stort spenn og vender seg til mange.

Som bonus til alle Jaslangen-publikummarane spanderer Persvold gratis kaffi til dei av publikummarane som finn vegen til kveldsarrangementet på Valdres Folkemuseum laurdag kveld.

Andre artistar som kjem, og som har drive på ei stund er langeleikspelar Marit Steinsrud og harpespelar Stein Villa i Kammersmusikk. Psykoterapeut Astrid Hognestad er utfordra til å tolke middelalderens balladar og på Instrumentmakarverkstaden på Valdres Folkemuseum blir det instrumentmakarkonsert.

- Spelemannprisvinnar Anders Røine, saman med musikarane Hans Hulbækmo, Hans og Rasmus Kjorstad stor i år for det store bestillingsverket til festivalen. Tema er den surrealistiske dimensjonen i spel- og forteljartradisjonen, då særleg omkring sanning og fiksjon. Eklektisk folkemusikk komponert over djupdykk i folkemusikalske element, altså. Vi har nettopp fått melding frå Norsk kulturråd om at verket er støtta med 200 000 kr, fortalde ei glad Persvold.

Fast kyrkjekonsert

Aurdal kyrkje er fast arena under stemnet. I år blir det konsert med Øystre Slidre songlag, Valdres kammerkor, Svein Erik Sagbråten og folkemusikarar. Andre konsertpunkt i rask og tilfeldig rekkefølge er: Arkivquis med felespelar Trond Steffen Westberg, eigen klubbscene for barn, og ei klubbscene for vaksne, båe på Valdres Folkemuseum, kjærastekonsert med Camilla Granlien og Niels Røine og minnekonsert for telemarkingen og komponisten Eivind Groven, fleire solokonsertar med Jan Beitohaugen Granli og Leif Rygg, Anne Hytta saman med Håkon Høgemo. Den prisvinnande og populære gruppa Sudan Dudan har plateslepp og konsert i Kulturhuset. Og så blir sjølvsagt kappleik, både inne og ute – og kåring av beste grabukk. Sundag rundar festivalen av det heile med ein intimkonsert med langeleikfamilien Hegge, ved systrene Oddrun og Gunvor. 

Også i år skal årets runddansspelemann kårast i den uformelle tevlinga Jørn Hilmes polkapris. Ein dansande folkejury avgjer det heile med polkagrisar – og spelemannen med flest polkagrisar i krukka går rikare heim både på pengar og opplevinga.

- Noko nytt?

- Vi ynskjer å stimulere til meir uformell folkesong. Under stemnet i 2016 fekk folkevisa sin eigen fotoboks, og han kjem tilbake også i år. Konseptet er enkelt. Gå inn i boksen, trykk på ein knapp og syng inn visa di, seier Persvold.

- Tema i år er kjærleiken, og eg forventar at mange bidreg med søtefylte kjærleiksviser. Målet er ikkje fyrst og fremst å prestere, men om å formidle det som står ein nært og kjært i ein lystig eller lyrisk situasjon.

 

Jørn Hilme-stemnet:

  • Festivalen er frå 30. juli til 6. august, og er landets eldste folkemusikkfestival
  • Festivalen blir arrangert i Fagernes i vakre Valdres
  • Jørn Hilme-stemnet har halde på sidan 1960
  • Oppattkalla etter spelemannen Jørn Hilme (1778-1854)
  • Kombinasjon av kappleik, konsertar, kurs og dans
  • I dagane før kappleiken blir Strunkeveko arrangert - som er det største folkemusikkurset for born og unge i landet
  • Fullstendig program finn du her: www.hilme.no

 

Sjå elles artikkel i avisa Valdres her!