Hovudside Info Nyheiter Bergtakande kyrkjekonsert
Facebook Instagram

Bergtakande kyrkjekonsert

Knut Aastad Bråten - onsdag 14. jun 2017

Under årets Jørn Hilme-stemne blir det musikalsk møte mellom folkemusikk og klassisk musikk i Aurdal kyrkje.

Kyrkjekonsertar har vorte eit fast innslag under Jørn Hilme-stemnet i mange år. Ein av godbitane dette året er kyrkjekonserten i Aurdal kyrkje onsdag 2. august der klassisk møter folkemusikk gjennom kor, opera, langeleik, klaver og fele.

Øystre Slidre songlag og Valdres kammerkor dannar musikalsk bakteppe i ein konsert som bokstavleg tala vil bergta publikum: I den kjente middelalderballaden om Margjit Hjukse frå Sauherad i Telemark får vi høyre om jenta som er på veg til kyrkja då ho blir forført av sjølve Bergekongen og giftar seg med han.

– Margjit Hjukse er eit veldig fasinerande verk, skrive av telemarkingen Eivind Groven, seier Svein Erik Sagbråten, dirigent for dei to kora.

– Målet mitt, som dirigent, blir å formidle noko av all den dramatikken og mystikken som ligg i historia. Eg har stor tru på at Øystre Slidre sanglag og Valdres kammerkor vil få til dette. Fyrstnemnde kor har hatt Margjit Hjukse på repertoaret i fleire omgangar og med fleire dirigentar, og det skal bli spennande når vi ved dette høve slår songlaget saman med kammerkoret, seier han.

I tillegg til Sagbråten med kor, deltek klavertalentet Stian Alexander Olsen, spelemann Bjørn Kåre Odde, songar Ingvild Lie og langeleikspelarane Ole og Knut Aastad Bråten. Saman skal dei bryne seg på verk av Eivind Groven, Grieg og ulike perler frå folkemusikken.

Aurdølen Svein Erik Sagbråten er kjent for dei fleste, og har arbeidd som profesjonell songar i over 25 år. Han var i mange år tilsett som songsolist ved Den norske Opera. Sidan 2013 har han vore dirigent for Øystre Slidre songlag, og for nystarta Valdres kammerkor.