Hovudside Info Nyheiter Dansespel og polkapris
Facebook Instagram

Dansespel og polkapris

Knut Aastad Bråten - fredag 23. jun 2017

Jørn Hilme-stemnet kårar beste dansespelemann eller -kvinne, og tilbyr dansevertar til deg som er urøynd på dansegolvet.

Jørn Hilme-stemnet nærmar seg. Festivalen har sidan 60-talet samla danseglade frå heile landet til dansekveldane på Valdres Folkemuseum. Ei nyskaping er eigen tevling med kåring av beste dansespelemann. I konkurransen slepp kvar påmelde solospelemann til med 3-4 låttar kvar. Kven som vinn? Det bestemmer ein dansande folkejury. Og tevlingssystemet er enkelt: Stemmesetlane er sjølvsagt polkagrisar; og den spelemannen som sit att med flest polkagrisar i krukka vinn. Festivalen oppmodar runddansspelemenn i alle fasongar til å ta med seg toradar, trekkspel eller fele – og publikum til å pusse danseskoa.

Dansevertar

Dansen har hatt ein sentral plass på Jørn Hilme-stemnet frå starten av. Ikkje alle som kjem har ein fast dansepartnar, mange kjem til festen og dansegolvet åleine. Men fortvil ikkje. Jørn Hilme-stemnet har også i år ein stab med dansevertar med veggpryd og ferske dansarar som spesialområde.

– Mange av dei som kjem har gått på eit nybyrjarkurs i springar, dei kjem åleine eller kanskje dei kvir seg for å kaste seg utpå dansegolvet. Jørn Hilme-stemnet har alltid vore ein god miks av dei beste dansarane i landet, og ferske og nysgjerrige som ynskjer å lære. Jørn Hilme-stemnet er opptekne av dette, og vi ynskjer å skape gode møteplassar der alle skal kjenne seg velkomne og heime, og der terskelen for å kaste seg utpå dansegolvet er låg, seier Ellen Persvold i Jørn Hilme-stemnet.

Hilme-stemnet har gjennom mange år markert seg som ein viktig arena også for gammaldansen, ikkje minst dansespelet på museet, som er sjølve kjennemerket ved Hilme-stemnet.

– Gammaldansen har hatt ein sentral plass her frå starten og er ein viktig del av det totale dansetilbodet på Hilme-stemnet. Når vi no utviklar satsinga på gammaldans vidare, er det fordi vi ynskjer å invitere runddansspelet inn i tevlinga på ein uformell og leiken måte der publikum bestemmer, seier Persvold.