Hovudside Info Nyheiter Ein av dei største
Facebook Instagram

Ein av dei største

Knut Aastad Bråten - mandag 24. jul 2017

Kappleiken under Jørn Hilme-stemnet har lange tradisjonar, og blir rekna som ein av dei største i landet, nest etter landskappleiken.

– Kappleiken på Jørn Hilme-stemnet tiltrekker seg dei fremste folkemusikarane og -dansarane i landet. Målet med kappleiken er å kåre dei beste utøvarane, men også å skapa ein sosial arena og samlingsplass, seier Ellen Persvold i festivalen.

Alle skal med

Sjølv om kappleiken trekker til seg dei aller beste, er han også ein viktig rekrutteringsarena.

– Folkemusikkmiljøet tek eit stort ansvar for å vidareføre musikken og dansen – gjennom aktivitetar i spel- og dansarlaga, på helgekurs og samlingar rundt kjøkenbordet i heimane. Samstundes er kappleikane eit viktig supplement i rekrutteringsarbeidet, og ein fin arena og moglegheit for nye og ferske folkemusikarar til å teste kunnskapane sine, og samstundes lære seg å formidle musikken og dansen til eit nytt publikum, fortel Persvold.

Folkemusikken er tradisjonstung. Samstundes har Hilme-stemnet heilt sidan etableringa i 1960 vore ein av dei mest innovative i sitt slag.

– Vi fornyar oss stadig, om enn kosmetisk. I fjor etablerte vi førehandspåmelding, pengepremiar og finalespel på tvers av instrumentsjangrane. Slik blir det også i år, fortel Persvold.

Laurdag under Hilme-veka blir det altså finalespel. Det er dei tre beste kappleiksprestasjonane med høgaste poengsum frå tevlingane på dagtid, uavhengig av klasse, som møtest til dyst på amfiet på Valdres Folkemuseum. Vinnaren stikk av med 10 000 kr, medan andreplassen og tredjeplassen blir lønte med høvesvis 5000 kr og 2000 kr.

– Vi vil gjera det gjævt å delta på Hilme-stemnet, seier årets tevlingsleiar for Hilme-stemnet Tone Eidsvold.

Pengepremiar

I domarpanelet sit det seks fagpersonar med ulike spisskompetansar. Seks domarar skal døme i så å seia alt. Ordninga var ny i fjor.

– Det var knytt spenning til korleis dette ville fungere på ein større kappleik som Jørn Hilme-stemnet. Sjølv om domarane var slitne etter å ha sete konsentrerte i to dagar, viste det seg at dei hadde hatt ei særs interessant oppleving. Ikkje minst hadde diskusjonane på domarmøta vore fruktbare, seier tidlegare tevlingsleiar for stemnet, Kjellbjørn Karsrud.

Det er i alt sju klasser ein kan melde seg på i. For å gjera kappleiken meir attraktiv for publikum blir det i år førehandspåmelding og startlister. Den einaste nivåinndelinga er junior- og seniorklasser. Seniorane (dei som er over 18 år) tevlar på laurdagen, medan juniorane tevlar på sundagen.