Hovudside Info Nyheiter Kurs i særklasse
Facebook Instagram

Kurs i særklasse

Knut Aastad Bråten - torsdag 06. jul 2017

Jørn Hilme-stemnet har i alle år arrangert kurs i ulike instrument- og dansetradisjonar. Slik blir det også i år.

Ynskjer du å bli ein racer på langeleik? Vil du lære valdresspringar, eller kva med eit songkurs? Jørn Hilme-stemnet er rekrutteringsarena for nye folkemusikkinteresserte – både dei som ynskjer å sjå og lytte, og dei som ynskjer å gå meir aktivt til verks.

– Kursa på Hilme i solsvidde trebygningar er ei oppleving i seg sjølv, seier Ellen Persvold, dagleg leiar for stemnet. Ellen oppmodar spesielt nybyrjarar til å ta steget og melda seg på.

– Er du heilt fersk, er ikkje det noka problem. Me har nybyrjarkurs i springar og rørospols og eit innføringskurs i folkesong. Nesten som eit type survivalkit for deg som er nysjerrig eller opplever sjangeren som gamalgresk, meiner Ellen Persvold.

Kursa går torsdag ettermiddag og på dagtid fredag, som ei innleiing til sjølve kappleikshelga 4.-6. august.

Under Hilme-stemnet 2017 blir det kurs i valdresspringar både for nybyrjarar og vidarekomne, vidare blir det kurs i rørospols, song og langeleik. Blant instruktørane er dyktige utøvarar som Gunvo Hegge, Eli Storbekken, Solveig Brekke Hauknes, Ole Nilssen, Knut Arne Jacobsen, Brit Totland, Anne Røine og Frode Rolandsgard.

På kveldstid kan du ta med deg din nyervervde kunnskap og imponera både vener og kjente i dei små stovene på Valdres folkemuseum. Er du i skikkeleg godt humør, og har lyst til å visa fram det du har lært til fleire, kan du melda deg på kappleik. Og etterpå kanskje få med deg ein konsert eller to. Det er nettopp kombinasjonen av kurs, kappleik, festival, dans og fest som gjer stemnet populært i heile folkemusikk- Noreg, og i utlandet.

Ei av dei som har meldt seg på springarkurs i år er vår eigen ordførar Inger Torun Klosbøle.

– Båe foreldra mine var flinke til å danse. Mor var instruktør i både leikarring og springar, er det meg fortalt . Eg hugsar jamvel at ho kruka heime på kjøkengolvet. Sjølv har eg dansa lite springar, men i åra som har gått har eg blitt kjent med mange folkemusikarar, og synast dessutan at Jørn Hilme-stemnet har utvikla seg i ein svært positiv retning. Difor blir det springarkurs på meg, seier ordførar Inger Torun Klosbøle. 

 

Les teksten i avisa Valdres her!