Hovudside Info Nyheiter Nordstoga og Jaslangen sel med rekordfart
Facebook Instagram

Nordstoga og Jaslangen sel med rekordfart

Knut Aastad Bråten - onsdag 12. jul 2017

Jørn Hilme-stemnet skipar kvart år til stor utekonsert på Jaslangen i Vestre Slidre. I år kjem Odd Nordstoga med band, og billettsalet går så det susar.

Festivalen sette ny publikumsrekord på Jaslangen i fjor. Heile 2300 møtte fram for å høyre Ingebjørg Bratland – som er 100 fleire enn innbyggjartalet i kommunen. Aldri tidlegare har det vore fleire folk på eit Hilme-arrangement, eller på Jaslangen, for den saks skuld. Ellen Persvold i festivalen avslørar stor interesse også for årets stølskonsert.

– Billettsalet går så det susar. Vi har til no seld nær 1000 billettar, som er dobbelt så mange som på same tid i fjor. Etter den massive tilstrøyminga i 2016, har vi vore nøydde til å ta visse grep for å sikre tilkomsten og tryggleiken i området. Jaslangen er eit gamalt stølsområde med sårbar natur og smale stølsvegar, seier Persvold.

Tilreisande blir oppmoda om å køyre saman, eller nytte seg av kollektivtransport.

– Det går eigne bussar til Jaslangen denne kvelden. Vi har auka talet på bussar, og med avgang frå både Fagernes og Røn. Dessutan blir det gjort visse utbetringar av parkeringsfasilitetane, seier Persvold, og oppmodar besøkande om å ta med gode sko, varmt tøy og regntøy – om det skulle vere bruk for det.

Jørn Hilme-stemnet har i dag eit godt samarbeid med Vestre Slidre kommune, lokale oppsittarar og ikkje minst Ingebjørg Moe, som velviljug stiller stølstrøa til disposisjon for festivalen, og som vartar opp med mat og drikke til artistane.

– Noko nytt?

– Sjølvsagt. Dei som kjem til Jaslangen får tilbod om gratis kaffi på sommardansen på Valdres folkemuseum laurdag kveld i festivalveka.

Odd Nordstoga er ein av dei fremste artistane i dag, oppvokse i Plassen i Vinje, no busett i Oslo. Han har vore i Valdres også tidlegare – både på Vinjerock og på Jørn Hilme-stemnet. I bandet har Odd med seg David Wallumrød på orgel, Tor Egil Kreken på bass, Torstein Lofthus på trommer og Øyvind Blomstrøm på gitar. 

 

Artikkelen les du også i avisa Valdres!