Hovudside Info Nyheiter Odd i solefallet
Facebook Instagram

Odd i solefallet

Knut Aastad Bråten - tirsdag 02. mai 2017

Det går mot ein ny «høydare» når Odd Nordstoga inntek Jaslangen under sommarens Jørn Hilme-stemnet.

Solefallskonserten på Jaslangen har vakse seg til å bli ein av dei verkeleg store konsertane under festivalen. Det starta som eit lite og ganske bortgøymt tillegg til dei mange konsertopplevingane under festivalen for vel ti år sidan. I fjor sommar slo festivalen alle rekordar då Ingebjørg Bratland og kveldssola bada Jaslangen i gylne tonar og lys framfor eit publikum som talte 2300 sjeler.

Billettsalet i gang

Festivalsjef Ellen Persvold er stolt og glad for å ha booka sjølvaste Odd Nordstoga til denne unike scena, tysdag 1. august. Billettsalet er allereie i gang og festivalsjefen håpar på like godt oppmøte i år som i fjor.

– Odd Nordstoga er ein folkeleg og brei artist, samtidig som han har utspringet sitt i folkemusikken. Han er blant dei fremste folkesongarane i landet, men er nok mest kjent for meir fengande pop- og visemusikk på norsk, seier ho.

Gjennombrotet fekk han i 2004 med plata «Luring» og songen om grisen som står og hyler, som gjekk som ein farsott over landet. Seinare har hitlåtane kome som perler på ei snor.

Mektig natur

Solefallskonserten er på stølslaget Jaslangen i Vestre Slidre, i ei helling som dannar eit naturleg amfi og der vestfjella gjev storslegne rammer kring musikken. Festivalsjefen fortel at dette er ein konsert som dreg eit breitt publikum. Hyttefolk og lokale, friluftselskarar og musikkinteresserte, unge og gamle tek turen.

– Dei første åra fann nokre hundre publikummarar vegen hit. No ser vi at tusenar ønskjer å få med seg opplevinga. Denne fantastiske utviklinga gjer at vi må finne gode løysingar på transport på dei smale stølsvegane, seier Persvold, som lovar utvida busstilbod til sommaren.

Etterspurt festivalartist

Odd Nordstoga er ein etterspurt festivalartist som har opplevd stor suksess både som soloartist, komponist og i ulike konstellasjonar. Musikaren frå Vinje i Telemark vart kåra til årets Spellemann i 2004. Sidan då har han gjeve ut endå seks soloplater i tillegg til ei rekkje samarbeidsplater, mellom andre med Sissel Kyrkjebø og Ingebjørg Bratland. Til sumaren kjem han altså med fullt band til Valdres og Jaslangen.

 

Artikkelen i avisa Valdres kan du lese her!