Hovudside Info Nyheiter Småfolk - stort for dei minste
Facebook Instagram

Småfolk - stort for dei minste

Knut Aastad Bråten - fredag 14. jul 2017

Folkemusikken appellerer til både gamle og unge. No utvidar festivalen tilbodet til dei minste.

– Vi har alltid hatt gode tilbod til dei yngste og no styrker vi satsinga mot nye generasjonar, lokkar festivalsjef Ellen Persvold.

Festivalen Jørn Hilme-stemnet går av stabelen på Fagernes 1. til 6. august med kappleik og konsertar, kurs, dans og festivitas. Mange familiar finn vegen til Valdres Folkemuseum, der mykje av programmet går føre seg.

– Folkemuseet er ein flott plass å ta med ungar og i år skal det bli endå flottare, seier Persvold.

Mini og mikro

Nytt av året er at det skal riggast til eit eige område på festplassen der ungane får delta i ulike aktivitetar. På programmet kan ein finne mange konsertar og tilbod for dei yngste.

– Ministrunken er eit to dagars kurstilbod for barn i alderen seks til elleve år. Her opplever vi rift om plassane. I år tilbyr vi kurs i song og dans, toradar, hardingfele og langeleik. For dei endå yngre er Mikrostrunken ein fin måte å møte folkemusikken på gjennom leik og dans.

Konsertar i kø

Kvalitetskonsertar står også i kø for framtidas folkemusikarar. Gjennom improvisasjon og forteljarkunst får vi møte Veslefrikk med fela. «Dyr og rare kjerringer» er tittelen på ein konsert full av rytme, humor og spenning. Ungane som deltek på Ministrunken skal også vise kva dei har lært på den årlege Ministrunk-konserten. Stein Villa, kjent instrumentbyggjar, lærer ungane korleis ein byggjer enkle instrument og får lyd i dei.

Alle aldrar

Mange festivalar siktar seg inn mot spesifikke aldersgrupper. Jørn Hilme-stemnet er ein arena der mange generasjonar møtest, musiserer, dansar, tevlar og festar i lag.

– Dette er ei styrke vi må ta godt vare på. Dei som var unge og hippe i går, er småbarnsforeldre i dag. Og dei eldste blant oss er viktige kjelder til kunnskap. Det at vi spelar på kvarandre, er ein av dei unike verdiane med folkemusikkmiljøet, seier Ellen Persvold.

Strunkeveko er det største kurset for barn og unge i folkemusikk og folkedans i landet. Så langt har nær 90 barn og unge frå heile landet meldt seg på. Persvold er fornøgd.

– Folkemusikken i Noreg breier om seg, men er òg sårbar. Mykje av rekrutteringa til folkemusikken skjer i kulturskulane, men er samstundes avhengig av eit sterkt og levande frivilligmiljø – av spel- og dansarlag som tek ansvar. Mange av folkemusikkuttrykka har sterk lokal forankring og tilknyting. Ynskjer vi å vidareføre ein valdrestradisjon på langeleik eller hardingfele, ja, så er vi nøydde til å hegne om dei lærekreftene og ressurspersonane som finst her, og sjå verdien i den musikken dei forvaltar. Det kan vi nok bli flinkare til.

 

Fakta om Jørn Hilme-stemnet:

  • Festivalen er frå 30. juli til 6. august, og er landets eldste folkemusikkfestival
  • Jørn Hilme-stemnet har halde på sidan 1960
  • Festivalen blir arrangert fleire stader i Valdres
  • Oppattkalla etter spelemannen Jørn Hilme (1778-1854)
  • Kombinasjon av kappleik, konsertar, kurs og dans
  • I dagane før kappleiken blir Strunkeveko arrangert – eit folkemusikkurs for born og unge
  • Fullstendig program finn du her: www.hilme.no
  • Generalsponsor er Sparbank1

Sjå elles tekst i avisa Valdres her!