Hovudside Info Nyheiter Sudan Dudan til Hilme
Facebook Instagram

Sudan Dudan til Hilme

Knut Aastad Bråten - mandag 03. jul 2017

Dei blir rekna som ein av dei fremste folkemusikkgruppene i landet. No kjem Sudan Dudan til Hilme.

Festkonserten i Kulturhuset på Fagernes er ein årleg tradisjon på Jørn Hilme-stemnet og markerer starten på Hilme-helga. I år er det valdresduoen Sudan Dudan med Marit Karlberg og Anders Erik Røine som skal syte for den musikalske opplevinga. I tillegg får musikken eit visuelt fylgje signert fotograf Anne-Marte Før.

Sudan Dudan er i gang med ny plate, men Marit Karlberg er usikker på om plata blir ferdig til sjølve festival.

– Vi spelar inn dei nye låtane i midten av juni. Om plata blir ferdig til Hilme er enno i det blå, men publikum vil iallfall få høyre dei nye låtane, forsikrar Marit Karlberg. Og publikum kjem til å kjenna att den særeigne Sudan Dudan-forma, lovar ho.

– Sudan Dudan er Anders og meg og lite fiksfakseri utanom det, så eg reknar med at musikken på plata blir attkjennande for dei som kjenner musikken vår frå før.

Ifylgje Karlberg tek duoen også eit steg tilbake, både når det gjeld ideal og musikalske idear.

– Målet vårt for innspelinga er å prøve å fange samspelet, augneblinken og «livepreget.» Vi strekker oss stadig i nye musikalske retningar og får nye impulsar, men i og med at kjernen i musikken vår er tradisjonsmusikk frå Valdres, så gjev det musikken visse konserverande rammer likevel, forklarar Marit.

For duoen, som hentar mesteparten av materialet sitt frå Valdres, er det stort å få vera artistar på sjølvaste festkonserten under Hilme.

– Å få lov å halde festkonsert blir stas. Jørn Hilme-stemnet betyr utruleg mykje for oss, både som utøvarar, som publikum og som ein del av det gode folkemusikkmiljøet. Og så gler oss også til å sjå korleis fotografen Anne-Marte Før tolkar låtane våre, seier Marit.

Det er ikkje berre folkemusikkmiljøet som set pris på Sudan Dudan sin særeigne, jordnære og vakre uttrykksform. Etter ei rekkje konsertar på norske småscener, har konsertryktet deira vakse seg større og sterkare. Den melankolske musikken når ein stadig større publikum, og dei har spelt på scener som Rockefeller, Vinjerock og Øyafestivalen.

Før festkonserten er det utdeling av Torleiv Bolstad minnestipend, som går til ein ung og talentfull felespelar.