Hovudside Info Nyheiter EIN FESTIVAL FOR DEG!
Facebook Instagram

EIN FESTIVAL FOR DEG!

Kari Hauge - onsdag 03. jul 2019

Andre veka i juli slår Jørn Hilme-stemnet opp dørene til musikkmekkaet Valdres. Festivalen har sentrum på Valdres folkemuseum og hjartet i folkemusikken. Spennet i programmet slår det meste, musikalsk, geografisk og aldersmessig: Frå mellomalderballadar til grand prix, frå Filefjell til Hedalen, frå dei alle minste og heilt inn på aldersheimen.

Eitt av dei store trekkplastera under Hilme-stemnet har vorte solefallskonserten i stølslaget Jaslangen i Vestre Slidre. I år kan fjellfolket sjå sola gå ned til Jonas Fjeld og Kvarts. Med 1000 førehandsselde billettar ligg dette an til å bli den best besøkte konserten nokon gong.

Mellom høgepunkta i festivalprogrammet er også den usannsynlege festframsyninga «På Pynté». På scenen? Noregs mest lågmælte instrument og ein gjeng bittesmå dansedokker. Musikken er ved fire av dei store i langeleik-Valdres: Knut og Ole Aastad Bråten, Oddrun og Gunvor Hegge. Sentrale i framsyninga er dansarane Anita Vika Langødegård og Håkon Aasen. Ein gjesteartist er også varsla: Unge Ånon Sørnes Bakken frå Oslo som ved sida av å vera gitarstjerne i eige rockeband er Noregs råaste rytmeboks på elektrisk langeleik. Konserten blir opna av Knut Olav Åmås, direktør i stiftinga Fritt ord. Får du varme kjensler for langeleiken, kan du morgonen etter bli med på blåtur i langeleikland med Knut Aastad Bråten som guide.

Musikalske glitresteinar

Også denne sommaren legg finn Hilme-publikumet musikalske glitresteinar langt utanfor sentrum. Både i St. Thomaskyrkja på Filefjell og i Hedalen stavkyrkje framfører kvedar Øyonn Groven Myhren og hardingfelespelar Anne Hytta konserten Sogesong. Groven Myhren og Hytta er kjent for djupe personlege uttrykk og er godt forankra i gamle folkemusikktradisjonar frå Telemark. Dei blir rekna blant dei aller fremste folkemusikarane i landet på sine felt. Båe har motteke spellemannsprisen, Groven Myhren for samarbeidet med Odd Nordstoga i musikken til framsyninga Nivelkinn. Musikarane har gjennom fleire år utforska dei gamle mellomalderballadane. Kyrkjekonserten byr på friske og originale tolkingar av ulike balladar som var godt gøymt, men ikkje heilt gløymt.

Båe stader får publikum noko i tillegg til sjølve konsertopplevinga. På Filefjell inviterer festivalen til ei  ei vandring langs kongevegen. Turen går frå Kyrkjestølen på Filefjell og turvert for dagen er Dagfinn Hegg-Lunde. Han driv Borlo bygdetun og er ein enorm kjelde til historisk kunnskap om området. I Hedalen tek tidlegare prost Anne Hilde Øigarden interesserte med på kaffiprat og omvising i kyrkja og Preststugu.

"Timeglas" med Kim Rysstad

Kyrkjekonserten i Aurdal dette året har fått namnet «Timeglas» og er ved Kim Rysstad, Annar By og Birger Mistereggen. Dei vil ta fram songar frå fleire av utgjevingane Rysstad har vore med på, både solo og saman med andre. Det blir alt frå Melodi Grand Prix til groteske mellomalderballadar og visdomsstev.

Andre høgdepunkt? Samtidstradisjonsdans i «Kan du komme ned og hente meg igjen». Stemningsfulle intimkonsertar i dei gamle husa på museet. DANS igjen. I tillegg til deg kjem det som kan krype og gå av hardcore folkemusikkentusiastar for å spela, lytte og danse seg gjennom sommarnettene på Valdres Folkemuseum.

Ung på Hilme

Gjennom mange år har festivalen vore den viktigaste samlingsplassen for unge musikararar med føter i den norske tradisjonsmusikken. Miljøet rekrutterer breitt lokalt og fekk nyleg GNIST-prisen for arbeidet med barn og unge. Til ungdomskurset Strunkeveko kjem nær 100 unge frå heile austlandsområdet til ei veke utan foreldrekontroll. Det blir også halde kortare kurs for barn og vaksne som ynskjer å fordjupe seg i spel og dans på ulike nivå, og kappleiken samlar fleire av dei fremste utøvarane på feltet til konkurranse i folkemusikk- og dans.

Handlekurv
Gå til kasse ›
antall
varer
0
Totalt kr. 0,-