Hovudside Info Nyheiter Helsing til Jørn Hilme-stemnet
Facebook Instagram

Knut Olav Åmås helsar Jørn Hilme-stemnet

Ellen Persvold - lørdag 13. jul 2019

Her kan du lesa talen som Knut Olav Åmås heldt på festframsyninga på torsdag.

Kjære vener,
I romanen «Andvake» av Jon Fosse møter vi dei to unge Asle og Allida som er komne til Bjørgvin for å finna arbeid og ein stad å bu. Teksten til Jon Fosse er særs rytmisk og musikalsk, og folkemusikken og -dansen ligg der på eit vis gjennom det heile, og hovudpersonen Asle, han er ein dugande felespelar sjølv. I romanen står det ein stad skrive noko slikt som dette, sitat:
«Og så ligg dei der og Allida ser Asle sitja der med fela og ho står der og lyttar og ho høyrer songen frå si eiga fortid og ho høyrer songen frå si eiga framtid».
 
*
 
Liknande ord kunne eg bruka om Jørn Hilme-stemnet. Det er ein av dei aller eldste festivalane i Norge. 60 år rundar Hilme i 2020.
Både tradisjon og historie - og skaping av noko nytt - pregar festivalen. Og begge deler er faktisk like viktig, og det er det slett ikkje for alle festivalar.
Traderinga er grunnlaget for alt i folkemusikken og -dansen. Mange dyktige folkemusikarar og -dansarar bruker alle sine krefter på tradisjonsberinga, og dét er ei lukke. Alle verken kan eller bør skapa noko nytt. Det trengst slett ikkje - og «det nye» er ofte verken så nytt eller så interessant at det gjer noko, for å seia mi eiga meining.
For tradisjonane kjem ingen unna likevel, om ein vil eller ikkje. Kjenner ein ikkje dei, inn og ut, blir det heller smått og rart, det nye ein kan skapa. For det er berre i høve til, og i brot mot, og i vidare utvikling av, tradisjon at nyskaping kan skje. Som Knut Buen og sikkert fleire andre treffande seier det: «Først må ein apa, så kan ein skapa».
*
Jørn Hilme-stemnet har alltid vist seg for meg med ei spesiell stemning, ein heilt særeigen atmosfære. «Den store, intime folkemusikkfestivalen» kallar den seg - og det stemmer. Den er blitt ganske stor, men er framleis intim, ein kjenner seg heime og velkomen.
Hilmestemnet er viktig fordi det er mykje i folkemusikken og folkedansen som festivalen er ganske åleine om å forvalta, til dømes felemusikken frå Valdres – eller langeleiken – dette er det berre de som sit med beste og meste kunnskapen om, blant alle festivalane. De forvaltar ein kulturarv, som er i bruk stort sett kvar einaste dag.
 
Jørn Hilme-stemnet viser også nokre av dei beste sidene av folkemusikken og -dansen som ei folkeleg rørsle. Det er bra med stipend og fint med dyrking av dei største talenta også i folkekultur-miljøa. Men det er noko anna som trengst endå meir, som grunnlag: Store og trygge miljø, gode og inkluderande og med låg terskel og dei mest ulike nivå. For høg og låg. For barn og unge og oldingar. For den reine atleten og ho med litt dårlege kne og han som nok har lagt seg litt ut og ikkje er like elegant i dansestega som han ein gong var. 
 
På Hilme finn vi nett denne ekte breidda - også blant publikummet, som er ein integrert del av festivalen. Breidda pregar òg arrangørane og alle dei frivillige som gjer den mogleg. Som så mange hendingar i festivallandet Norge er Hilmestemnet i høg grad bygd på dugnadsinnsats.
 
Og resultata er store - kunstnarleg og kulturelt. Sosialt. Og økonomisk attpåtil. Ein festival skaper verdiar. Men nokre verdiar er viktigare enn dei materielle. Som instrumentmakaren Olav Viken har sagt det: «Minniskji leve ´kji berre tå brø, det treng felelæte mæ!»
 
*
No skal vi høyra og sjå ei spesiell festførestelling, sjølve tingingsverket til Jørn Hilmestemnet 2019, i samarbeid med Riksscenen for folkemusikk og folkedans. Framsyninga heiter «På Pynté» og rettar merksemda mot langeleiktradisjonen, som er så sterk her i Valdres. Eitt instrument, skjørt og sårbart, men med så stort spenn. Vi får høyra leikar både frå tidleg 1700-tal og nybygde frå i dag, meir enn 300 år seinare. Korleis høyrest lyden av Valdres ut i 1719, gjennom ein langeleik frå den tid? Og korleis høyrest lyden av tre hundre år ut i dag?
 
«På Pynté» er både musikk, tekst og dans, skapt av blant andre dei medverkande fem langeleikspelarane og to dansarane, og tekstforfattar Alice Gudheim, rådgjevar Bent Åserud og produsent og regissør Ellen Persvold. Noko av musikken er frå tradisjonen, noko nyarrangert - og ikkje minst er mykje heilt nyprodusert som tingingsverk.
 
Og det er ikkje berre folk som dansar på scenen, også dei vakraste og raraste dansedokker rører på seg i takt med musikken, styrt av tynne trådar.
 
Namnet på framsyninga skriv seg sjølvsagt frå den særs dugande langeleikspelaren og tradisjonssamlaren Berit på Pynté (1812-1899) frå Vestre Slidre. Edvard Grieg blei inspirert av henne, Ludvig Mathias Lindeman skreiv ned seksten av slåttane hennar. Og ho var ein av mange viktige aktørar i dansedokke-tradisjonen. 
 
Dansedokke-temaet i førestillinga er ikkje berre fysisk konkret, men opnar for djupare spørsmål: Trådane og linjene vi møter i livet og i kulturen - når skal vi knytta oss til dei, prøva å forlenga dei? Og når skal vi kutta dei?
La meg slutta der eg byrja, inspirert av Jon Fosses «Andvake».
 
Eg trur nemleg det vi skal sjå og høyra no - alle Asle´r og Allida´er i salen og på scenen - er lyden av vår eiga fortid og lyden av vår eiga samtid og framtid. Trådane som leier oss - og trådane vi kuttar.
 
*
 
Og med det erklærer eg sjølve den lange Hilme-helga - ei skikkeleg langhelg i folkemusikkens og -dansens teikn - for opna og i gang!
Handlekurv
Gå til kasse ›
antall
varer
0
Totalt kr. 0,-