Personvernerklæring for Valdres folkemusikkarrangement


For å organisere arrangementa våre på best mogleg vis lagrar vi nokre opplysningar om deltakarane våre. 

Foto: Anne-Marte Før

Valdres folkemusikkarrangement AS (VFAS) deler ikkje opplysningar eller e-postadressa di med nokon andre. Om du kjøper billett til konsertar, festivalcamping, kurs eller andre aktivitetar under Strunkeveko, Hilme året rundt eller Jørn Hilme-stemnet, får du ein e-post med praktisk informasjon om arrangementet og andre tilbod i Valdres folkemusikkarrangement. Ynskjer du ikkje å få nyheitsbrevet, kan du enkelt melde deg av.

E-post

Du kan sende e-post til oss, men hugs at alle verksemder er sårbare for datatjuveri. Difor bør du ikkje sende sensitivt innhald på e-post. Om vi får ein slik e-post, behandlar vi e-posten ut frå innhaldet og slettar han straks. Du kan nå oss på post@hilme.no

Informasjonskapslar

Dei aller fleste nettsider nyttar seg av såkalla informasjonskapslar eller cookies, for å betre brukaropplevinga. Ein informasjonskapsel er ei tekstfil som ved besøk på eller interaksjon med ei nettside blir lagt i internminnet til nettlesaren.

Lagring av opplysningar og behandling av desse er ikkje tillate med mindre brukar er informert om, og har samtykka til det, kva for opplysningar som blir behandla, kva formålet med denne behandlinga er og kven som behandlar opplysningane.

Ikkje akseptere

Nedanfor finn du informasjon om bruken vår av informasjonskapslar. Ved å gå inn og hente informasjon og/eller nytte tenester på nettsida vår, samtykker du samstundes til at det blir sett informasjonskapslar i nettlesaren din – i og med at dei fleste nettlesarar er innstilt slik at dei automatisk aksepterer kapslar. Dersom du ikkje vil akseptere bruken vår av informasjonskapslar, kan du gå inn og trekke tilbake samtykket ditt ved å endre innstillingane i nettlesaren. Vi gjer imidlertid merksam på at dette kan gjere at tenestene på nettsida vår ikkje fungerer optimalt.

Informasjonskapslar

Google Analytics er ein nettanalyseteneste som leverast av Google, Inc. («Google»). Google Analytics brukar informasjonskapslar for å analysere korleis brukarar nyttar nettstaden. Informasjonen som blir generert av ein slik informasjonskapsel ved bruk av den aktuelle nettstaden, blir sendt til Google og lagra på serverar i USA.

Vi brukar anonymizeIp, ein funksjon som gjer at ein enkeltbrukar ikkje kan identifiserast. IP-adresser blir maskert og blir ikkje lagra. 

Google brukar denne informasjonen for å vurdere bruken av nettstaden, samanstille rapportar om aktivitetar på nettstaden for eigaren av nettstaden, samt for å yte andre tenester i tilknyting til aktivitetar på nettstaden og bruk av internett. Google kan også overføre denne informasjonen til tredjepart om dette er eit krav jamfør lov eller i tilfelle der tredjepart behandlar informasjonen på vegne av Google. Google vil ikkje kople IP-adressa di med annan informasjon Google har.

Vi brukar Google Analytics for å analysere bruken av våre nettsider. Vi får informasjon om kva for sider som er mest besøkt, kor brukarane kjem frå, på kva tidspunkt sidene er mest besøkt osb.

Les meir om korleis du slettar informasjonskapslar i nettleseren din her! (ekstern side)