Korleis skal du reise og kvar skal du bu?


Under finn du oversikt over festivalkontor, opningstider, reiseplanlegging og overnatting.

Foto: Ingvil Skeie Ljones

Festivalkontor
Festivalkontoret er i velkomstbygget på Valdres Folkemuseum. Kontoret er i 2023 ope frå tysdag 11. juli til sundag 16. juli:

  • tysdag til onsdag kl. 9.30–17
  • torsdag til laurdag kl. 9.30–24
  • sundag kl. 10–16

post@hilme.no
61 36 46 71

Mat
God mat og drikke høyrer med i festleg lag og Valdres bognar av lokal kvalitetsmat som finn vegen til festivalmenyen vår. På museet samarbeider vi med Munkekroen. Dei er opptekne av lokalprodusert og økologisk mat og god utnytting av ressursane våre. På menyen finn du alltid vegetariske alternativ. Munkekroen driftar både kafeen på museet, og matsalet i festteltet. Munkekroen har desse opningstidene under Jørn Hilme-stemnet: 

Torsdag 13. juli

  • Munkekroen er oppe til kl. 00.30, men stengjer matsalet kl. 22.30.

Fredag 14. juli

  • Munkekroen er oppe til kl. 23.00. Kjøkkenet stengjer matsalet kl. 17.00 (men har sal av drikke).
  • Festteltet opnar kl. 17.00. Skjenkeløyve frå kl. 17.00 og fram til kl. 02.00, men alkoholserveringa blir stoppa kl. 01.30. Matsalet stengjer kl. 23.00. 

Laurdag 15. juli

  • Munkekroen er oppe til kl. 23.00. Kjøkkenet stengjer matsalet kl. 17.00 (men har sal av drikke).
  • Festteltet opnar kl. 17.00. Skjenkeløyve frå kl. 17.00 og fram til kl. 02.00, men alkoholserveringa blir stoppa kl. 01.30. Matsalet stengjer kl. 23.00. 

Reise
Fagernes, bygdebyen og regionsenteret i Valdres, ligg langs E–16, stamvegen mellom Oslo og Bergen, og reisetida frå store deler av Sør-Noreg er kort og kollektivtilboda mange.

Vi vil gjerne at du reiser miljøvenleg. Søk opp kollektivtilboda til Nor Way Bussekspress her. Kjem du med bil har vi godt med parkeringsplassar ved festivalcampingen, rundt om i Fagernes sentrum og ved Valdres Folkemuseum. Til konserten på Jaslangen oppmodar vi publikum om å ta festivalbussen. Herleg avslappande!

Overnatting
Her har vi samla ulike alternativer for overnatting. For meir informasjon kontakt Visit Valdres.

Festivalcamping
Jørn Hilme-stemnet har sin eigen festivalcamping midt i Fagernes sentrum. Campingen ligg på den gamle idrettsplassen nede ved Strondafjorden. Her har vi plass til både bubilar, campingvogn og telt. Festivalcampingen har tilgang til straum, vatn og garderobeanlegg. Bestill plass på festivalcampingen her

Fagernes camping
Fagernes, like ved Valdres Folkemuseum
61 36 05 10
Campingplassen ynskjer ikkje bråk og festing

Valdres Camping
Leira, 4 km frå Fagernes mot Oslo
61 36 10 00

Bjørkestølen Helårscamping
Tisleidalen, 23 km frå Fagernes mot Gol
905 96 789

Strandheim hyttetun og camping
Leira, 5 km frå Fagernes mot Oslo/Gol
907 52 561

Fossen Camping
Skrautvål, 6,5 km frå Fagernes mot Beitostølen
61 36 35 34

Søndre Svennes Camping
Strand, 6,5 km frå Fagernes i retning Bergen
988 22 949

Aurdal fjordcamping og hytter
Aurdal, 15 kilometer frå Fagernes mot Oslo
61 36 52 12

Scandic Valdres
Fagernes sentrum
61 35 80 00

Nythun
Kruk, 13 km frå Fagernes i retning Steinsetbygda/Etnedal
61 35 79 30

Furulund pensjonat
Røn, 15 km frå Fagernes i retning Bergen
909 65 669