Hovudside Jørn Hilme-stemnet er kappleik
Facebook Instagram

Jørn Hilme-stemnet er kappleik

Det er førehandspåmelding frå og med måndag 26. juni til og med onsdag 2. august. Det blir sett opp startliste i løpet av torsdag 3. august. Påmeldinga gjer du her! 

Startliste til kappleiken laurdag: 

Startliste til kappleiken sundag: 

  • Deltaking inkluderer gjennomgangsbillett
  • Pris for deltaking for juniorar og seniorar er 150 kr
  • Påmelding fleire gonger: 70 kr per innslag
  • Rekruttar betalar kr 70
  • Gratis for strunkeelevar

Seks domarar dømer i alle klasser, med utgangspunkt i FolkOrg sine nye domarskjema. Skjemaene finn du her.

Resultata frå Jørn Hilme-stemnet 2017 finn du her. 

Dei tre beste poengsummane (uansett klasse) kjem til finalen, der vinnaren blir lønt med 10 000 kr, andreplassen med 5000 kr og tredjeplassen med 2000 kr.

Jørn Hilme-stemnet har følgjande klasseinndeling:

  • Eldre folkemusikkinstrument: langeleik, munnharpe, fløyter, lur, bukkehorn mm. 
  • Samspel av alle slag: Gruppespel, lagspel og open klasse
  • Toradar/Trekkspel
  • Hardingfele/Vanleg fele
  • Vokal
  • Pardans: Springar/springleik/pols, gangar/bonde, runddansar
  • Halling
  • Jørn Hilmes-polkapris. Fredag kårer eit dansande publikum og fagjurye beste solo rundansspelemann. Meld deg på!

Laurdag klokka 12.00 er det Go'kartevling på Skiferplassen på Fagernes. Dette er ei tevling der du konkurrerer i best utføring av ulike idrettsleikar og triks, samt å spenne rundkast/hallingkast. Påmelding til go'kartevlinga skjer laurdag på Skiferplassen.