Den store, intime festivalen


Blaut og rå er lyden av Jørn Hilme-stemnet,
i regnvêr og væte,
i djupblåe sommarkveldar
– eller i lyngen på Jaslangen medan sola sig ned bakom fjelltoppane.

Vil du oppleva eggjande felespel i ei mørk stove?
Vil du lære å spela langeleik
eller berre flyte med i den gode stemninga ein varm sommarkveld?
Kom for songen, kom for spelet, kom for store opplevingar i godt lag.

Foto: Ukjent

Folkekulturen ligg djupt forankra i oss: Han er sporet frå fortida og moglegheitene for framtida. Folkekulturen er summen av kulturuttrykk som lever og verkar, og som pustar i oss. Folkekulturen er aldri statisk eller stiv, men vital og levande.

Det er eit godt utgangspunkt for ein festival og ein organisasjon som skal forvalte og fornye kulturen for framtida.

Frå 1960

Jørn Hilme-stemnet – den store, intime festivalen – vart skipa alt i 1960 og er den eldste folkemusikkfestivalen i Noreg, og var frå starten ein miks av kappleik, konsertar, dans og teater. Det gjer festivalen til ein nestor i det organisatoriske folkemusikkarbeidet i landet, og eit nav for alt folkemusikkarbeid i regionen. Hilme er hjartet i folkemusikken i Valdres, men er ikkje ein festival berre for Valdres, men er ein smeltedigel for alle tradisjonsområde i landet.

Det var den dåverande styraren ved Valdres Folkemuseum, Eiliv Odde Hauge, som tok initiativet til stemnet den gongen. Etterkvart tok medlemslaget Valdres Folkemusikklag over ansvaret for gjennomføringa, og ofte var det den tilsette folkemusikksekretæren som gjorde mykje av førebuingsarbeidet. I dag er det Valdres folkemusikkarrangement AS som driv festivalen.

Valdres folkemusikkarrangement er ein av dei største og mest aktive folkemusikkarrangørane i landet. Organisasjonen og miljøet har ein brei og allsidig portefølje av aktivitetar – alt med høg kvalitet. Valdres folkemusikkarrangement er nyskapande, har mange aktive og dedikerte medhjelparar, engasjerte publikummarar og deltakarar – og stor gjennomføringskraft.

Levande miljø

Å arbeide med folkemusikk og folkedans er avhengig av at det finst eit aktivt og levande miljø å byggje arbeidet på. For å skape eit godt og berekraftig miljø må mange dra lasset saman.

Folkemusikken og folkedansen står enno sterkt i Valdres – ikkje berre hjå einskilde dedikerte, men hjå mange. Miljøet er stort, og det blomstrar – i spel- og dansarlag, i kulturskulen, på konsertane og rundt kjøkenborda.

Jørn Hilme-stemnet er ein inkluderande møteplass. Målgruppa vår er samansett, og dei kjem i alle fargar, i alle aldersgrupper, og frå heile landet. I folkemusikken er det stor plass – anten du speler, dansar, eller du berre ynskjer å lye til tonane.

Kappleik og konsert

Hilme har lenge vore ein av dei mest populære kappleikane i landet, med buskspelet og folkelivet på Valdres Folkemuseum som det viktigaste særpreget. Dei siste åra er konsertane ytterlegare vektlagt, men kappleiken er framleis ein av dei største i landet. Nettopp denne kombinasjonen av kappleik, festival, kurs, dans og fest har gjort Hilme populært. I tillegg har dei små stovene på Valdres Folkemuseum og konserten på stølsområdet Jaslangen vore med på å definere festivalen dei siste åra.

Den kunstnarlege profilen står i sentrum for alt arbeid med festivalen. Hilme tek eit utvida ansvar for den norske folkemusikk- og folkedanstradisjonen, både tradisjonelle uttrykk og nyskapande samarbeid på tvers av sjangrar. På festivalen møter tradisjonen nye straumar i tida, på Hilme slår det tradisjonelle følgje med det nye, med det eksperimentelle – i møte mellom amatørar og profesjonelle, mellom kjente og ukjente musikarar, i solospel og samspel.

Publikummet auka kraftig på 2000-talet, og utarbeiding av eigne bestillingsverk tok til, særleg med vekt på nyskapande danseforestillingar, som var mogleg nettopp på grunn av eit sterkt musikk- og dansemiljø i regionen.

I 2007 vart festivalen utvida med ein konsert på kveldstid i stølslaget Jaslangen i Vestre Slidre, som for mange er eit av høgdepunkta under festivalen. I 2017 var det nesten 3000 publikummarar på denne konserten.

Filosofien og haldninga i Hilme har gjort festivalen til ein viktig nasjonal utviklar av det profesjonelle og det eksperimentelle innan norsk folkemusikk og -dans i Noreg. Tradisjon og tradisjonselement er henta fram, granska og presentert på nye måtar og på nye arenaer.

Hilme – tradisjonsfundert, ja, visst, men aldri umoderne.

Hilme har vore inne på festivalstøtteordninga til Norsk kulturråd sidan 2000.

Rekruttering og konsertserie

Konsertserien «Hilme året rundt» er ei ambulerande heilårsscene som tek i bruk ulike lokale rundt omkring i Valdres. Kvart år blir det arrangert åtte konsertar i denne serien.

Strunkeveko er den andre viktige foten som folkemusikkmiljøet i Valdres kviler på. Strunkeveko – etablert i 1998 – er starten på eit folkemusikkliv, og er ei kursveke for born og ungdom, og blir arrangert i forkant av Jørn Hilme-stemnet.

Strunkeveko har utvikla seg til å bli det største sommarkurset i folkemusikk og folkedans med nær 100 elevar kvart år.

På Strunkeveko får du kyndig kursing av dei beste lærarane, og ikkje minst vener i eit stort og triveleg folkemusikkmiljø som varar livet ut. Kursa på Strunkeveko samlar sjølve kjernen av den folkemusikken og folkedansen me finn i Noreg i dag.

Strunkeveko nyttar dei beste folkemusikkinstruktørane i landet! I tillegg til at dei er gode, er dei ofte unge. Fleire av dei er profesjonelle utøvarar som har pedagogisk erfaring som instruktørar. Mange kan òg vise til sigrar frå Landskappleiken.

Er du for liten for Strunkeveko, finst det kurs for dei yngste: Ministrunken og Mikrostrunken.

Folkemusikk-Ung er eit samarbeidsprosjekt mellom folkemusikkmiljøet og kulturskulane i Valdres. To onsdagar i månaden samlast ungdom til spel og dans og sosialt samvære. Hausten 2020 blir det gjennomført til saman åtte samlingar. Oppslutninga er jamt stor.

*

Jørn Hilme-stemnet har fast festivalveke midt i juli. Festivalen strekker seg i dag over ei heil veke, og over ein heil region.

Velkommen på festival!