Hovudside Program Vår med Hilme
Facebook Instagram

Vår med Hilme

 

Raabygg

Laurdag 18. februar kl. 19:00, Brennabu, Vaset

UnspecifiedJohanne Flottorp, Tuva Færden og Sigrid Jore

For Hilme starter våren tidleg og til fjells, for kva passar vel betre enn å ta med gruppa Raabygg til ein gammal låve på Vaset? Raabygg består av tre musikarar med felles interesse for både “hits” og bortgøymde låtar frå Agder. Med hardingfeler, song og harpeleik tek dei fatt i gamle melodiar og arrangerer desse intuitivt.

Etter konserten speler dei til dans, så ta med dansesko! Konserten og festen er gratis for alle som jobba som frivillige for Jørn Hilme-stemnet. 

 

 

Erlend Viken Trio

Fredag 10. mars kl. 20:00, Små Vesen, Aurdal17 Bilde Erlend Viken Trio

God øl og rocka folkemusikk er stikkorda når Erlend Viken trio kjem til puben hjå Små vesen. Det blir ølsmaking og konsert med den hardtslåande gruppa Erlend Viken Trio, som i adresseavisa fekk følgjande merkelapp ”Dette er musikk som treffer deg uansett om du er tilhenger av folkemusikk, rock eller blues»

Inngang: 200 kroner inkludert ølsmaking.

 

 

Unni Løvlid Laurdag 29. april kl. 20:00, Valdres gardsbryggeri, Volbu 

UnknownLøvlid frå Hornindal er ein av våre mest ettertrakta folkesongarar. Ho har sine røter i folkemusikken, men har i heile sin karriere også arbeidd med samtidsmusikk. I april kjem ho for å ha workshop med andre folkesongarar i Valdres, og for å gje konsert. Kurset startar kl.12:00 med uformelt arbeid med folkesong fram til 16:00. Det blir middag kl.17.00 for dei som ynskjer det (førehandspåmelding), og konsert kl.20.00. Etter konserten blir det pubkveld og frivillig stevkonkurranse der absolutt alle kan vera med!

Påmelding til kurs/middag til post@hilme.no

Kurs: 400 kroner. Middag m/drikke: 160 kroner, konsert: 150 kroner.

 

 

Anders Löfberg

Fredag 5. mai kl. 19:00, Valdres Folkemuseum, Fagernes

Anders Loefberg Uppljusad 2000X3000Fyrste helga i mai blir det stor folkemusikkhelg i Valdres, med konsert, danseframsyning og lokalkappleik. Det startar opp med at Anders Löfberg kjem til Valdres folkemuseum for å spele konsert. Löfberg er en allsidig multiinstrumentalist og riksspelemann og har sine musikalske røter i den smålandske folkemusikktradisjonen. Anders er ein trendsettande cellist, nyskapande komponist, tradisjonsbærer på fele og ein drivande god dansespelemann. Han er ein ettertrakta musikar på den nordiske folkemusikkscena og er kjend frå kritikarroste band som Nordic og Majorstuen. Denne kvelden inviterer han publikum inn til ein intim konsert for å bli kjend med svensk tradisjonsmusikk på fele, cello og song. Konserten er eit samarbeid mellom Valdresmusea og Valdres folkemusikkarrangement.

Inngang: 150 kroner.

 

 

Døgeniktenes Debatt

6. mai kl. 18:00, Skrautvål grendehus

Ådne Kolbjørnshus og Vetle Springard

Raafil Debattprogramleder Uten Bukse"I byrjinga av førige årtusens siste tiår vart to barn født med eit halvt års mellomrom i kvart sitt dalføre. Født inn i trygge omgivnadar på gardar der stødige, gamle verdiar låg til grunn - av foreldre som hadde sett sine eigne liv ta fart inn i eit tiår der ny teknologi skulle forbløffe og snu opp ned på kvardagen. På kvar sin kant, på forskjellig vis vart barna bevisst sitt gode liv.

Og kva vart dei? Dei vart Døgeniktar.

Døgeniktar som ynskjer å gje verda den rette medisin for sine plager. Og det er ikkje gjevnaden det står på. Det er berre det at dei ikkje evner å bruke dei. Dessutan kan det vera ubehageleg å stå for noko. Og kva med tida?"

Døgeniktenes Debatt er ein delvis improvisert framsyning med dans og dialog rundt tema som står utøvarane nært. 

Inngang: 200 kroner.  

Billetter til konsertane kjøpast i døra, med unntak av Døgeniktenes debatt som det også er mogleg å førehandsbestille billett til her