Hovudside Program Jørn Hilme-stemnet er kappleik Kappleik fredag
Facebook Instagram

Kappleik fredag: Jørn Hilmes polkapris!

fredag 04. august, Festplassen, Valdres Folkemuseum på Fagernes
21.00 Kappleik

Jørn Hilmes polkapris er ny av året! I konkurransen spelar kvar påmelde solospelemann 3 låttar kvar. Kven som vinn? Det bestemmer ein dansande folkejury. Stemmesetlane er ikkje pengar men sjølvsagt polkagrisar – og spelemannen med flest polkagrisar i krukka vinn. Festivalen oppmodar runddansspelemenn i alle fasongar til å ta med seg toradar, trekkspel eller fele – og publikum til å pusse danseskoa.

Premiar for spelemannen med flest polkagrisar er 5000 kroner.

Påmelding frå 26. juni.

NB! Det krevst ikkje eigen billett for å høyre på dette arrangementet, men du lyt løyse ut billett til fredagskvelden på museet. Hugs å møt opp tidleg om du skal vere sikra plass på konsertane inne på området. Billett her!