Hovudside Program Kappleik Kappleik laurdag
Facebook Instagram

Kappleik laurdag: senior

lørdag 05. august, Kulturhuset, Fagernes
10.00 Kappleik

Kappleiken under Jørn Hilme-stemnet har lange tradisjonar. Eit viktig element har vore å fornye seg med rot i det tradisjonelle. I fjor vart førehandspåmelding, pengepremiar og finalespel på tvers av instrumentsjangrane prøvd for fyrste gong.

Også i år vil kappleiken nå eit høgdepunkt med finale på laurdagskvelden. Det er dei tre beste kappleiksprestasjonane med høgaste poengsum frå tevlingane på dagtid, uavhengig av klasse, som skal møtast til dyst på amfiet på Valdres folkemuseum. Vinnaren stikk av med 10.000 kr, medan andreplassen og tredjeplassen blir løna med høvesvis 5000 kr og 2000 kr. Klassevinnarane i dei klassane utan finalistar vil bli løna med 1000 kroner kvar. Elles blir det gjæve deltakarpremiar.

Program laurdag 5. august

  • Kappleik senior, kulturhuset, Fagernes kl. 10
  • Godkartevling, Skiferplassen, Fagernes kl. 12
  • Utekappleik, Valdres Folkemuseum, Fagernes kl. 19

Meld deg på til tevlinga frå og med 26. juni her!