Hovudside Program Jørn Hilme-stemnet er kappleik Kappleik sundag
Facebook Instagram
System.ArgumentException: The model doesn't have a store id associated with it - remember to add the Tea Commerce store picker to your Umbraco content tree at TeaCommerce.Umbraco.Configuration.InformationExtractors.XmlNodeProductInformationExtractor.GetStoreId(XPathNavigator model, Boolean useCachedInformation) at TeaCommerce.Umbraco.Configuration.InformationExtractors.XmlNodeProductInformationExtractor.GetSku(XPathNavigator model, Boolean useCachedInformation) at TeaCommerce.Umbraco.Configuration.InformationExtractors.ProductInformationExtractor.GetSku(String productIdentifier) at TeaCommerce.Api.Services.ProductService.GetSku(String productIdentifier) at TeaCommerce.Api.Web.TeaCommerceHelper.GetStock(Int64 storeId, String productIdentifier) at CallSite.Target(Closure , CallSite , Type , Int32 , Object ) at ASP._Page_macroScripts_showEvent_cshtml.Execute() in h:\HostingSpaces\hilme\hilme.no\wwwroot\MacroScripts\showEvent.cshtml:line 16

Kappleik sundag: junior

søndag 06. august, Festplassen, Valdres Folkemuseum, Fagernes
Kjøp her
Dette produktet selges via Ticketco.
11.00 Kappleik

Kappleiken under Jørn Hilme-stemnet har lange tradisjonar. Eit viktig element har vore å fornye seg med rot i det tradisjonelle. I fjor vart førehandspåmelding, pengepremiar og finalespel på tvers av instrumentsjangrane prøvd for fyrste gong.

Også i år vil kappleiken nå eit høgdepunkt med finale på laurdagskvelden. Det er dei tre beste kappleiksprestasjonane med høgaste poengsum frå tevlingane på dagtid, uavhengig av klasse, som skal møtast til dyst på amfiet på Valdres folkemuseum. Vinnaren stikk av med 10.000 kr, medan andreplassen og tredjeplassen blir løna med høvesvis 5000 kr og 2000 kr. Klassevinnarane i dei klassane utan finalistar vil bli løna med 1000 kroner kvar. Elles blir det gjæve deltakarpremiar.

Billettpris (publikum): 150 kr for vaksne,  75 kr for ungdom.

Kappleiken sundag 6.august startar kl.11.00, premieutdeling kl.16.30

Deltakaravgift:

  • Senior og junior 150 kr
  • Rekrutt 70 kr
  • Andre gongs deltaking 70 kr
  • Gratis påmelding for strunkeelevar! 

Det er førehandspåmelding frå og med måndag 30. juni til og med onsdag 2. august. Det blir sett opp startliste i løpet av torsdag 2. august. Deltaking inkluderer gjennomgangsbillett. Seks domarar dømer i alle klasser, med utgangspunkt i dei nye domarskjemaa til FolkOrg.

Meld deg på til tevlinga her!