Hovudside Program Konsertar Anne Hytta og Håkon Høgemo
Facebook Instagram

Anne Hytta og Håkon Høgemo

lørdag 05. august, Valdres Folkemuseum, Fagernes
23.30 Konsert

Velkomen til intimkonsert med Anne Hytta og Håkon Høgemo!

Håkon Høgemo (f. 1965) er folkemusikar og førsteamanuensis på Norges Musikkhøgskole i Oslo. Høgemo har vunne landskappleiken to gonger (1989 og 1995). Sidan 1992 har han spelt i trioen Utla med Karl Seglem og Terje Isungset. Han er òg kjent frå gruppene Slåttetrioen og Gamaltnymalt. For soloalbumet Solo vann han Spellemannprisen 2000. Han vann også Spellemannprisen 2005 saman med Sigrid Moldestad og Einar Mjølsnes for albumet Gamaltnymalt.

Anne Hytta (f. 1974) er spelekvinne frå Sauland, busett i Oslo, kjent frå gruppene Aurora Borealis, SYM og Kalenda Maya og dei siste åra, Slagr. Som soloartist på hardingfele debuterte ho med CD-en Dag, kveld, natt i 2006, denne utgjevinga fekk ho Folkelarmprisen for. Hytta er ein musikar og komponist som jobbar på tvers av både musikalske og geografiske grenser, og ho har samarbeidd med musikarar frå mange land, noko som blant anna har ført til plateprosjekta Tokso (2010) og Padik: Music from Baluchistan (2013).

Denne laurdagskvelden møter du dei som to soloartistar. 

Velkomen til konsert! 

NB! Det krevst ikkje eigen billett for å høyre denne konserten, men du lyt løyse ut billett til laurdagskvelden på museet. Hugs å møt opp tidleg om du skal vere sikra plass på konsertane inne på området. Billett her!