Hovudside Program Konsertar Ballader og stev med Storbekken, Håkanes og Hognestad
Facebook Instagram

Ballader og stev med Storbekken, Håkanes og Hognestad

lørdag 05. august, Valdres Folkemuseum
18.00 Vis i kart Konsert

Halvor Håkanes og Eli Storbekken har arbeidd saman i mange år og held no intimkonsert på Hilme. Her blir det balladar og stev i skjønn foreining, og med seg har dei Astrid Hognestad som er ein jungiansk analytikar med interesse for folkeviser i arbeidet sitt.

Hognestad ga nyleg ut boka En dybdepsykologisk tilnærming til et utvalg folkeviser. I konserten på Hilme vil det bli song og samtale med desse tre om innhaldet i visene.

Kan balladar seia oss noko som moderne menneske? Og korleis kan ein eigentleg tolke ei bergtaking på 1800-talet i dag? Kva finn med av djubde i forholdet mellom song og tekstinnhald som er mellom-menneskeleg aktuelt for moderne menneske?

Velkomen!

NB! Det krevst ikkje eigen billett for å høyre denne konserten, men du lyt løyse ut billett til laurdagskvelden på museet. Hugs å møt opp tidleg om du skal vere sikra plass på konsertane inne på området. Billett kjøpar du her!