Hovudside Program Konsertar Dansekonsert: Ånon Egeland og Anders Røine
Facebook Instagram

Dansekonsert: Ånon Egeland og Anders Røine

fredag 13. juli, Slidrehuset, Valdres Folkemuseum
22.00 Konsert

Kvifor sita ned når ein høyrer på god dansemusikk? Dansekonsertane på Hilme byr opp til dans!

Med kvar sine tradisjonar skal spelemennen Ånon Egeland og Anders Røine gje dykk godt dansespel - vi spår eit gloheitt dansegolv!

Egeland har fått sin tradisjon frå legendariske spelemenn frå Agder og er også kjent for ein tydeleg personleg spelestil. Røine har Valdres-tradisjonane med seg og er omtala som både ein stødig tradisjonsbærar og innovativ kunstnar.

Skal vi danse?

NB! Det krevst ikkje eigen billett for å høyre denne konserten, men du lyt løyse ut billett til fredagskvelden på museet. Hugs å møt opp tidleg om du skal vere sikra plass på konsertane inne på området.

Billett her:Fredagkveld