Hovudside Program Konsertar Dansekonsert med Ole Nilssen og Vegard Vårdal
Facebook Instagram

Dansekonsert med Ole Nilssen og Vegar Vårdal

lørdag 05. august, Valdres Folkemuseum, Fagernes
23.30 Konsert

Sita i ro på konsert? Nei, hiv deg med i dansen!  

Ole Nilssen (f. 1993) frå Løten er ein ung, og allereie merittert folkemusikkutøvar. Ole kjem frå ei folkemusikkslekt på Hedmarken der far og bestefar har vore læremeistrar i oppveksten og gjennom studiar på Norges Musikkhøgskule har han jobba med den tradisjonelle slåttemusikken, og samstundes utforska det store spennet i tradisjonsmusikken. I år kjem han med plate, som er eit portrett av Ole som tradisjonsberar, og inneheld alt frå vare lydarslåttar til danseslåttar. Ole er òg dansar og har vunne A-klassa på Landskappleiken to gongar. No gler han seg til å spele dansekonsert i Valdres!

Vegar Vårdal (f. 1975) – med base i Vågå i Gudbrandsdalen – er ein allsidig artist og pedagog, både som folkemusikar og folkedansar. Det siste året har han, ved hjelp av statens kunstnarstipend, jobba mykje med å bryte ned fordommane mot den tradisjonelle folkemusikken. Sist sommar skreiv han tingingsverket «Ikkje ver blyg – kyss meg!», som vart framført på landskappleiken i Vågå. «Ukvessa slåtter», som blir gjeve ut på Talik no i 2017, er Vegars fyrste soloplate, men han har vore med på eit drøss av andre plater oppigjennom åra

Og med seg til Hilme har dei bøttevis av dansespel!

NB! Det krevst ikkje eigen billett for å høyre denne konserten, men du lyt løyse ut billett til laurdagskvelden på museet. Hugs å møt opp tidleg om du skal vere sikra plass på konsertane inne på området. Billett her!