Hovudside Program Konsertar Dansekonsert med Selma French Bolstad, Hilde Kirkebøen og Laura Ellestad
Facebook Instagram

Dansekonsert med Bolstad, Kirkebøen og Ellestad

lørdag 13. juli, Slidrehuset, Valdres Folkemuseum
20.30 Konsert

Kvifor sita ned når ein høyrer på god dansemusikk? Dansekonsertane på Hilme byr opp til dans!

Selma French Bolstad, Hilde Kirkebøen og Laura Ellestad vil gje dykk godt dansespel - vi spår eit gloheitt dansegolv!

Selma går siste året av utdanninga si på Norges Musikkhøgskole. I tillegg til å beherske slåttespel på både fele og hardingfele, er Selma aktiv i fleire ulike band som bruker element frå både jazz og folkemusikk. Du kan og høyre Selma med bandet Morgonrode, nominert til Spellemann, fredag kl. 22.00 i Festsalen.

Hilde er frå Hallingdal og starta spele med sjølvaste Jens Myro då ho var 10 år. Ellers har ho spelt og lært av Øyvind Brabandt, Magne Myhren og Egil Syversbråten. Ho gav ut cd-en Tjedbaln i 2009.

Laura Ellestad er ein prisløna kanadisk hardingfelespelar med røter i Valdres. Utdanning frå Ole Bull Akademiet og Norges Musikkhøgskule. Gav ut cd-en Valdresspel i Amerika i 2014, nominert både til Spellemannpris og Folkelarmpris. Du kan høyre Laura torsdag kl. 20.30 i Slidrehuset, fredag  kl. 14.00 i Rudihuset og kl. 18.30 i Peisestogo.

Skal vi danse?

NB! Det krevst ikkje eigen billett for å høyre denne konserten, men du lyt løyse ut billett til laurdagskvelden på museet. Hugs å møt opp tidleg om du skal vere sikra plass på konsertane inne på området.