Hovudside Program Konsertar Dansespelkonsert med Ole Erik Feragen og Ole Nilssen
Facebook Instagram

Dansespelkonsert med Ole Nilsen og Ole Erik Feragen.

fredag 12. juli, Festplassen, Valdres Folkemuseum
21.00 Konsert

Dansespelkonsert med trekkspel- og toradervirtuos Ole Nilsen og felespelar Ole Erik Feragen.

Ole Nilsen er oppvaksen på Løten og har spelt torader og trekkspel frå han var liten. Han har fleire sigrar både i dans og spel frå Landskappleiken og Landsfestivalen, og han har også gjeve ut fleire cd-produksjonar.  

Ole Erik Feragen frå Hitterdalen nær Røros er også ein prisvinnande spelemann.  Han har vakse opp i takt med Rørospolsen og har gått i lære hjå dei beste spelemennene i distriktet.

Nilsen og Feragen er kjent for å dra i gang uhorveleg godt dansespel, så det er berre å gle seg til desse to barkar i hop.

NB! Det krevst ikkje eigen billett for å høyre denne konserten, men du lyt løyse billett til fredagskvelden på museet. Hugs å møt opp tidleg om du skal vere sikra plass på konsertane inne på området.