Hovudside Program Konsertar Fargerike felleskap - kvitt raseri. Kulturpolitisk debatt
Facebook Instagram

Fargerike felleskap - kvitt raseri. Kulturpolitisk debatt

torsdag 12. juli, Valdres Folkemuseum
12.00 Vis i kart Konsert

I den kulturpolitiske debatten Fargerike felleskap - kvitt raseri. Ein tredje kamp om det nasjonale ynskjer vi å problematisere omgrepa «nasjonal» og «nasjonalisme», og undersøke i kva grad desse omgrepa påverkar eller fargar synet på folkemusikk og folkedans. Debatten er eit samarbeid med Valdresmusea AS i samband med den nyopna utstillinga deira over same tema.

I panelet sit:

Hallgrim Berg, kulturist og tidlegare stortingsrepresentant for Høgre.

Egil Bakka, professor i musikkvitenskap ved NTNU i Trondheim.

Camara Christina Lundestad Joofnorsk/gambisk scenekunstnar, dramatikar og musikar.  

Ordstyrar: Ole Aastad Bråten, direktør ved Valdresmusea og leiar i Rådet for folkemusikk og folkedans.

Innleiar: Espen Olavsson Hårseth, Valdresmusea AS

Arrangementet er gratis.

Velkomen!