Hovudside Program Konsertar Folketoneautomaten
Facebook Instagram

Folketoneautomaten

torsdag 12. juli, Valdres Folkemuseum, Fagernes
12.00 - 17.00 Vis i kart Konsert

Lytt i Folketoneautomaten!

Folketoneautomaten, ein eigen fotoboks for folkeviser, har vore med på Hilme to år tidlegare. Unge og gamle har besøkt automaten, trykt på ein knapp og sunge inn si eiga folketone. I 2017 var det kjærleiken som var tema, både den lukkelege og den ulukkelege!

No i 2018 skal vi få lytte til opptaka frå tidlegare år - folketoneautomaten har vorte ein jukeboks med viser frå Hilme-gjengarar. Gå inn i automaten og lytt!

Målet har ikkje fyrst og fremst vore å prestere, men om å formidle det som står ein nært og kjært i ein lystig eller lyrisk situasjon. På dei profesjonelle scenene kan me oppleve ypparleg song, men med Min folketoneautomat er eit ynskje om å skape ein arena der breidda skal koma til uttrykk og bli verdsett på ein annen måte enn i dag. 

Min folkeviseautomat er utvikla i eit samarbeid mellom Ellen Persvold i Jørn Hilme-stemnet, filmskapar Jørn Nyseth Ranum og regissør/produsent Aaslaug Vaa i Villa Lofoten. Prosjektet har utspring i regissør Aaslaug Vaa sitt filmprosjekt Ei vise vil eg kveda med filmane Sing lingeling og Kvar song ei soge, samt dokumentasjons- og presentasjonssida Min folketone på Facebook.

Kos dykk!

Foto: Anne-Marte Før

NB! Folketoneautomaten er inne på Valdres Folkemuseum og du lyt løyse billett til arrangementa på museet for å vitje automaten.