Hovudside Program Konsertar Fredagkveld på museet: Dans og konsertar
Facebook Instagram

Fredagkveld på museet: Dans og konsertar

fredag 04. august, Valdres Folkemuseum
Kjøp her
Dette produktet selges via Ticketco.
19.00 - 02.00 Vis i kart Konsert

Pål Bratås kvartett, konsertar, Jørn Hilmes-polkapris og bygdedans. På Valdres Folkemuseum på Fagernes er det tradisjonen tru dans på «hundre golv» til ypparleg dansespel.

Valdres Folkemuseum er eit av dei største friluftsmusea i landet med fleire hundre gamle hus og bygningar. På museet kan du vandre frå stove til stove og oppleve gamaldans og bygdedans frå ulike distrikt. I lyset frå flakkande stearinlys kan du høyre landets beste spelemenn og -kvinner og sjå dans som får dei gamle tregolva til å huske. Nett desse inntrykka er noko av det som gjer Jørn Hilme-stemnet unikt, annleis og som lokkar publikum tilbake år etter år.

Velkomen - med og utan dansesko!