Hovudside Program Konsertar Hegge-spel: Ingebjørg, Oddrun og Gunvor
Facebook Instagram

Hegge-spel: Ingebjørg, Oddrun og Gunvor

søndag 06. august, Valdres Folkemuseum, Fagernes
15.00 Konsert

Tre gonger Hegge: langeleikspel i ubroten, levande tradisjon 

Systrene Oddrun og Gunvor Hegge, og Oddrun si dotter Ingebjørg er alle dyktige langeleikspelarar. Valdres er kan hende det einaste dalføret i landet med ein ubroten langeleiktradisjon, og som går mange hundre år tilbake i tid. Gunvor og Oddrun fekk mykje langeleiklæte av bestemor si, Guri Hegge (1884–1976), født Rudi. Saman med systera Kari, har dei teke vare på og vidareført spelet og tradisjonen etter bestemor si.

Gunvor er i dag lærar, og driv aktivt med opplæring i kulturskula. I 1990 fekk ho kongepokalen for spelet sitt. Oddrun er utdanna instrumentmakar og har i lag med systera delteke på mange, mange kappleikar. Ingebjørg er siste skottet på stammen, og også ho er aktiv deltakar på kappleik, og har vunne juniorklassen fleire gonger.

Sjå fram til ein konsert med godt spel og forteljingar frå gamal tid. 

Velkomen! 

Foto over er frå eit langeleikkurs, med Gunvor som instruktør.