Hovudside Program Konsertar Hilme-taffel. Småfolk 9: Jakten på Amerika
Facebook Instagram

Hilme-taffelmusikk Småfolk 9: Jakten på Amerika

søndag 14. juli, Festsalen, Valdres Folkemuseum
11.30 Konsert

Jakten på Amerika. Familiekonsert med Laura Ellestad og Magnus Wiik / Festsalen Valdres Folkemuseum

Småfolk 9: Familiekonsert om det å søke lykka i eit nytt land

For to hundre år sidan drog mange frå fattigdommen i Norge til Amerika for å finne lykka. Mange brukte opp alle sparepengane på båt-billetten og kom fram etter fleire veker på havet til eit nytt land med framand språk og nye skikkar.

I Jakten på Amerika får vi følgje to norske spelemenn som legg i veg med fela si for å møte eventyret. Ein av desse vart som ei rockestjerne og reiste på turné i 20 år utan å ha ein stad å bu.

Laura Ellestad og Magnus Wiik viser veg til Amerika, sleng deg på!

Laura Ellestad er hardingfelespelar frå Valdres og Canada. Ho har utdanning frå Ole Bull Akademiet og Norges Musikkhøgskole og har fordjupa seg i utvandrarmusikken.

Magnus Wiik er ein allsidig musikar som spelar strengeinstrument innafor fleire sjangrar. I Jakten på Amerika spelar han gitar.

Munkekroen serverar mat og drikke.

Velkomne!

NB! Det er ein felles inngangsbillett for alt som skjer på programmet sundag.